Salmer til alle tider

Share

Når eg køyrer oppover dalen sundagskveldane, vert det ofte til at eg høyrer på NRK P1. Der er det Kveldsope med rapport frå fotball og mykje anna, og etter nyhetene klokka 22 kjem Salmer til alle tider. I kveld kunne eg sitje heime og høyre programmet som Helge Gudmundsen presenterer, for komande veke skal eg ha senilferieveka mi. Det er slutt med sendingar i Valle Radio for sesongen, så det høvde godt å ta den ferien no.

Spelelista for programmet i kveld var slik:

Takk gode Gud for alle ting
Løft ditt blikk du ungdomsflokk
Tårnhøye bølger går
Deg være ære
O Herre til hvem skulle vi dog gå hen
Å Jesus åpne du mitt øye
Velsigning, frå Missa Caritatis med Bodil Arnesen, som alltid avsluttar programmet.

Eg likar desse programma. I kveld var det ønskekonsert, det vil seie at det er lyttarane som skriv inn og ønsker seg ei salme. Det har vore det fleire kveldar denne våren. Grunnen til at eg likar programmet trur eg må vere at det som regel kjem noko som set tankane mine i sving, eit eller anna minne har ein til songane han presenterer.

Alt den fyrste songen i kveld gjorde det, for det var Takk gode Gud for alle ting, ein av songane i bryllupet til Margunn og Stein. Margunn likar den svært godt og ville gjerne ha den, og Pieter Leebeek, som var organist i bryllupet, improviserte ein flott bryllupsmarsj på melodien. No er det sanneleg snart to år sidan dei hadde sin store fest på Sandøya utanfor Porsgrunn.

Løft ditt blikk, du ungdomsflokk er ein flott sang som vi song ein del då eg var ung, både på leir og i skolelaget og på ungdomsmøte. Omkvedet: Fold det gamle merke ut, med ei gruppe som kom inn og song Fold det ut ein gong til, er eit kjært minne, men no var det lenge sidan eg hadde høyrt den salma.

Tårnhøye bølger går langt ifra land var ei salme eg lærte å kjenne i Vesterålen, truleg minnest eg ho ekstra fordi salmediktaren hadde vore hjelpeprest i Hadsel for mange år sidan, frå 1931 til 1938. Dagfinn Zwilgmeyer kom sidan til å bli buande i Arendal, der han døydde i 1979. Gunnar Elstad har ein fin artikkel om han i Norsk Biografisk Leksikon, sjå http://www.snl.no/.nbl_biografi/Dagfinn_Zwilgmeyer/utdypning

Deg være ære var neste salme i programmet. Den hadde eg med i Sangkveld-programmet sist veke då Siri Johannessen var gjest, ho lika den svært godt, fortalde ho.

Deretter song Anita Skorgan O Herre til hvem skulle vi dog gå hen, ei salme av Henry Tandberg, som nok er meir kjent for Jeg er en seiler på livets hav.

Til slutt kom O Jesus åpne du mitt øye av Lina Sandell. Vinteren 1966/67 gjekk eg på Bibelseminaret i Staffeldtsgt. i Oslo. Eg var ein av Even Fougners studentar, han var rektor på seminaret, seinare vart han biskop i Borg. Ein mandagsmorgon kom han på skulen etter å ha vore på talarferd i helga og blitt rikt velsigna, og framleis var han nok i stemninga frå møta han hadde opplevd, i alle fall så kom han til timen og sa at vi skulle starte dagen med O Jesus åpne du mitt øye. Vi studentar som bare hadde ein vanleg mandagsmorgon ba nok den bøna meir bokstavleg enn Even, augo våre var på ingen måte opne der vi stod i klasseromet og song. Til slutt begynte nokon å le, og songen gjekk i stå, og vi fortalde kvifor. Då fekk også Even ein god lått, og då vi etterpå stemde i songen, var det stor takk til Gud for opne augo til å sjå alle hans velsigningar.