Dr. Daniel

Share

Eg siterer frå Facebooksida til Valle Radio:
Erling ‘Eli’ Dugan:
Helsing frå sør California. Høyrde på intervjuet med lækjaren frå Ghana på Internett. Var moro å høyre på det og reklameinnslaga. Mor mi kjem frå Fjotland og far min frå Kvinesdal. Eg vaks opp i Brooklyn.

Det er rart å tenkje på at ved vår Internettradio kunne folk sitje i California og Australia og høyre på samtalen som eg og dr. Daniel hadde tysdagskvelden. Der fortalde han om seg sjølv og om prosjektet han og ein kamerat arbeider med å få i gang i samarbeid med Fattighuset i Oslo. Ein eller to gonger i månaden vil dei halde gratis legekontor for folk som ikkje har råd til å gå til fastlegen, Det er eit prosjekt der dei ikkje skal få løn, dei skal gjere det for å hjelpe folk som ikkje har det så godt som dei fleste i Norge. Planen er å starte til hausten, no arbeider dei for å få utstyret dei treng til kontoret.

Om seg sjølv fortalde Daniel at han var glad for å vere her dei tre vekene sist i april som vikar for dr. Hallvard. Han hadde turnusteneste her for vel eit år sidan, sjukehusturnusen hadde han på Skien sykehus. Det er normalt å ha turnus i distrikt i same fylke som ein har sjukehusturnus, men han fekk ein friplass og hamna i Valle. Etter det hadde han sivilteneste på sjukehuset i Rjukan, no leiter han etter ein stilling som lege på eit sjukehus i Oslo, der han kjem frå og der han har kjøpt seg ein stad å bu. Han er mest avhengig av å få ein jobb i Oslo for å kunne starte opp prosjektet på Fattighuset, noko må ein jo leve av og.

Daniel studerte i Ungarn, eit par timar frå Budapest. Sjølv om undervisninga var på engelsk, måtte han lære seg ungarsk for å kunne fungere i samfunnet der. Det var fleire norske studentar der, alle måtte lære seg ungarsk. I tillegg snakkar han språket akan, som er morsmålet og det familien nytta i Ghana. Du finn meir om Ghana på wikipedia om du går frå artikkelen om språket akan, som på norsk ikkje er lang, men som gjev lenke til engelsk artikkel, som er noko lengre, og frå den norske kan du og klikke deg til informasjon om landet og anna stoff: http://no.wikipedia.org/wiki/Akan_%28spr%C3%A5k%29

Det var ein triveleg time i studio denne tysdagskvelden. Daniel Baffo likte musikk av Aretha Franklin, så vi supplerte samtalen med eit par songar av henne, men timen gjekk fort. Om det høver slik, kjem han kanskje innom i Valle Radio att når han kjem tilbake til Valle etter 17. mai.

PS:
På vår Facebook-side er det bilet av han, Britta Lise var innom legekontoret og knipsa han der. http://www.facebook.com/photo.php?pid=3639226&id=315158359845

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *