Hornnes landsgymnas

Share

Dåmen av landsgymnas trur eg framleis ligg over Setesdal vidaregåande skule, avdeling Hornnes, som det vel heiter no, i alle fall i tanken til vaksne folk. Eg fann ei bok på biblioteket der det var ein omtale av skulen av Olav Arne Kleveland. Boka var Gudleiv Forr og Helge Vold (red): Landgymnaset. Den kom ut i 2007 på Det Norske Samlaget.

Der står det at Hornnes var landsgymnas i vel femti år, frå 1922 til 1975. Det er altså 35 år sidan det vart vidaregåande skule. I dei vel femti åra var det mange gåverike landsungdomar som starta karrieren sin på Hornnes. Eg skreiv litt om dette på Setesdalswiki, http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Hornnes_landsgymnas og tok med nokre elevar og året dei tok artium:

* Alf Hellevik 1931
* Jens Haugland 1932
* Kristian Tregde 1936
* Gabriel Øidne 1938
* Olav Bø 1938
* Knut Mykland 1940
* Anne Gullestad 1945
* Olav Arne Kleveland 1954
* Geir Kjetsaa 1956
* Kjell Kristian Rike 1963
* Paal-Helge Haugen 1964
* Grete Faremo 1973

I tillegg til desse finn eg ved å søkje på Setesdalswiki at Bjørgulv T. Berg, Hallvard Frøysnes, Torbjørg Aamlid Paus, Bjarne Tveiten og Ånund K. Homme har gått der: http://www.eskeland.net/w/index.php?title=Spesial%3ASearch&search=Hornnes+landsgymnas&fulltext=S%C3%B8k

Det stod ikkje noko i artikkelen i boka om at elevar ordna seg heimebrygg og let det stå og gjære i ein sagmugghaug på andre sida av Dåsneselva og aktiviteten for å få det over elva då det skulle drikkast. Andre hendingar som kanskje ikkje høver så godt i ei offisiell bok, kunne ein sikkert også fått frå munnlege kjelder, men truleg var skulearbeidet ganske krevande sjølv for evnerik ungdom, så det var nok ikkje så mykje tid til sprell.

I dagane etter at eg las den boka, skreiv eg og ein artikkel om rektor Daniel Danielsen. Han må ha vore ein flittig mann. Han var geolog og skreiv fleire bøker om geologi på Sørlandet. I tillegg skreiv han Bygdebok for Dybvåg, den som heiter Dypvåg Gårds- og slektshistorie som kom i 1958. Den skreiv han saman med gymnasrektor Sophus Jenssen i Oslo, og verket var i tre bind på til saman 2394 sider. http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Daniel_Danielsen

Ein kan ikkje anna enn vere imponert.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *