Lengselens bilder

Share

Lengselens Bilder
Opning på Setesdalsmuseet sundag 30. mai kl. 14.

Av Leonhard Jansen
I mai 2004 var det mykje ståk og styr på Setesdalsmuseet. Saman med Sigrid Lien og Eva Reme frå Universitetet i Bergen hadde Setesdalsmuseet invitert bygdefolk til å sjå etter i dei gamle fotoalbumma og leite fram gamle amerikabilete. Utvandringa frå Setesdal var stor, og tanken var at ein skulle finne fram bilete som dei to forskarane frå Bergen kunne nyttigjere seg i arbeidet med å dokumentere og forske omkring denne typen fotografi.

Responsen var overveldande. I løpet av eit par hektiske dagar vart det samla inn kring 400 foto og anna. I tillegg vart det stort oppbod frå pressa, og me fekk til og med eit hyggeleg lite innslag i Norge Rundt om emnet.

Så har tida gått, og i fjor kunne professor Sigrid Lien presentere ei bok som bar namnet ”Lengselens Bilder”. Samstundes vart det opna ei utstilling på Hå gamle prestegard på Jæren av same namn. Bileta frå Setesdal har ein sentral plass i utstillinga, som forøvrig tek oss med på ei spennande reise i fotografiets verden med fokus på dei bileta som vart sende fram og tilbake over Atlanterhavet.

For ikkje så alt for lenge sidan var avstanden mellom Noreg og landet ”over there” enorm. For dei som utvandra var brev og bilete den kontakten ein kunne ha, og då med håp om at ein ein gong skule treffast att i ein annan verden. Seinare kom telefonen – men den var dyr. Dampbåtane reduserte reisa frå månader til veker. No tek det nokre timar.

Utstillinga har no vore på Bryggen Muesum i Bergen, og skal stå på Setesdalsmuseet sommaren 2010. Sundag 30. mai kl. 14. inviterer vi alle interesserte til å kome og sjå utstillinga på Setesdalsmuseet på Rysstad.


Eg vonar at det høver for Leonhard å kome i Valle Radio tysdagskvelden og fortelje om utstillinga.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *