Reidar Fritzvold

Share

I dag fann eg eit gamalt Jol i Setesdal. Det var frå 1992, det var det året Jol i Setesdal hadde eit kassettvedlegg med ein kassett med “Sylvdråpan – suite frå dal og vidde” av Olav Mosdøl og Jon Hinna. Eg sende det i Valle Radio for ein del år sidan på ein tysdagskveld. Kanskje skulle eg sjå om eg finn att kassetten og ta det som reprise.

Men det som eg stansa ved denne gongen, var Jon Bjones sin samtale med Reidar Fritzvold, Bykle-målaren, som han kalla seg. I mange år budde han lange periodar i Setesdal, særleg i Bykle og måla motiv frå dalen i den tida det var fri flyt av fossar. “Eg har sett eit land med fri flyt av fossar…” heiter artikkelen.

Der får vi vite at Reidar Fritzvold var fødd i 1920 og var fascinert av Setesdal frå han kom her tidleg på 1950-talet. Etter kvart vart det mange bilete frå Setesdal, På 1980-talet, då dei bygde Bykle rådhus, fekk ein samling på nærare 30 bilete plass i kommunestyresalen. Byklesamlinga skulle ikkje stykkast opp, avtalen var at ho skulle henge i kommunestyresalen om ein ikkje fann ein høvelegare plass for henne.

Det enda med at eg skreiv om kunstnaren på Setesdalswiki. Dermed kan folk lese om han der og sjå litt meir om tilhøvet han hadde til Setesdal. Eg ville gjerne hatt namna på bileta som heng i Bykle rådhus, Bjones nemnde nokre i artikkelen, men om nokon har ei liste over bileta, kan dei gjerne leggje det inn i artikkelen på Setesdalswiki, der kan alle skrive. Her er lenke til den artikkelen http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Reidar_Fritzvold

Her er litt frå nekrologen Astrid Rysstad skreiv då han gjekk bort. Den stod i Aftenposten 4. februar 1998:

I Bykle vart folk glade i denne vensæle og trivelege bykaren då han kom til bygda først i 1950-åra. Her laga han kunstverk som dukka opp på sentrale utstillingar og blei lagde merke til. Med engasjement og uoppsliteleg arbeidskraft søkte han til tjern og elvefar, juv og brattheng. Motiva vart utforma i store format med eit kraftfullt uttrykk. I Bykle møtte han den beste respons, og kommunen har satsa store ressursar på kunsten hans. Rundt 30 av dei beste bileta hans – Byklesamlinga – er innkjøpt og gjort tilgjengeleg for publikum i rådhuset. Ei gjennomgripande vassdragsutbygging har ført til at mange av desse motiva er borte, men Fritzvold har bevart dei i kunsten og såleis gjort desse naturperlane levande for nye generasjonar.

Ved fleire høve stilte han delar av opplaga sine til disposisjon for ideelle organisasjonar som arbeider tungt økonomisk. Også Bykle helsesenter fekk fleire bilete av han i gåve.
Han hadde eit reflektert forhold til det kunstneriske arbeidet. Det galt å tolke naturen si røyst og formidle gjennom bileta den mystiske dimensjonen av oppleving.
Bileta hans grip fordi han sjølv var gripen av krafta og magien i naturinntrykka – og i verkemidla som skal til for å bere bodskapen fram.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *