Setesdalsmuseet, Lengselens bilder og sommarsesongen

Share

Tysdagskvelden var Leonhard Jansen igjen i Valle Radio og fortalde om denne utstillinga som skal opne sundag 30. mai klokka 14. 400 bilete frå Setesdal er ein del av grunnlaget for boka som Sigrid Lien og Eva Reme si forsking la grunnlaget til. Det er lurt å gå til denne lenka, for her kan ein sjå ei nettutstilling relatert til utstillinga: http://www.uib.no/lle/nyheter/2009/08/-lengselens-bilder-paa-nett

Den levande utstillinga må du likevel til Setesdalsmuseet for å sjå. Ho vart synt i fjor i april på Hå gamle prestegard på Jæren. I vår har ho vore vist i Bergen, i sommar skal ho stå på Setesdalsmuseet, og til hausten skal ho synast i USA. Etter dette skal utsillinga plasserast permanent på det nyeetablerte museet Vestnorsk Utvandrersenter på Radøy utanfor Bergen.

Det er altså ein svært spesiell situasjon at vi kan få sjå utstillinga her i regionen. Nå på føresommaren er utstillinga bare delvis open, men i juli vil ho vere open slik museet pleier å opne for turistar. Då er det eit godt høve å sjå henne saman med gjester som kjem på besøk. Etterpå kan ein ha ein betre middag på Sylvgarden, det gjev opplevinga ein ekstra dimensjon.

Leonhard fortalde som vanleg levande om innsamlinga av bileta i 2004 og om arbeidet som er gjort etterpå. I Setesdølen i går var det eit oppslag om utstillinga, eg likte svært godt biletet av Eirik O. Nomeland som var vaktmann i Amerika.

Han fortalde og at utstillinga var så stor at ho mest sprengde arealet som Setesdalsmuseet har for slike gjesteutstillingar og at det ikkje var lett å få plass til å supplere utstillinga med lokalt stoff frå samlingane til Setesdalsmuseet, men at dei hadde funne litt som dei kunne stille ut.

Elles fortalde han at det etter kvart tek til å verte klart med alle utstillingane som skal vere opne i sesongen. Ein har minst ti anlegg som skal vere opne, og det er eit puslespel å få vaktlistene til å gå i hop. Han fortalde og at dei sommarjobbane museet har er dekte og at dyktige guidar står klare til å syne fram samlingane.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *