117 tusen aviser

Share

Ei avis på 36 sider, det var dagens Setesdølen, sendt ut i 117.000 eksemplarar til alle husstander i Agderfylka. Største opplaget distribuert på nynorsk nokon gong, skriv redaktør Sigurd Haugsgjerd og samanliknar med Elias Blix si salmebok for hundre år sidan. Han kunne nok kosta på seg ei salme og, redaktøren, Kven kan seie ut den glede blir ofte kalla Setesdalssalma.

Men det er ei stor og interessant avis som ein ikkje så lett blir ferdig med. Her er interessant stoff frå mange kantar og framsida er pryda av fem kvinner som alle satsar i Setesdal. Ordførar Bjørn Robstad forsvinn mest mellom alle damene med sin kommentar om Moisundsaka. At folk ikkje skulle få byggje hus på Moisund fordi det fører til pendling og dermed utslepp av CO2 er mest for dumt til å vere sant. Nå vart det ikkje sant heller, for fylkesmannen trekte tilbake innsigelsane. I fyrste omgang kjem det 30 tomter der sør i Evje og Hornnes kommune, ikkje 200 som var tanken. Men om staden har livsrett, så kjem nok resten etter kvart.

Setesdølen samarbeider med Setesdal Regionråd om denne avisa. Difor er det mykje næringslivsstoff i avisa denne gongen. Ei heil side er sett av til intervju med dagleg leiar i Setesdal Regionråd, Signe Sollien Haugå. Ho inviterer til det gode liv i Setesdal. Og bak i avisa er det ein kulturkalender som syner noko av aktiviteten i sommar. For det gode liv er eit aktivt liv, de er ikkje slik at ein slår opp fluktstolen og legg seg til i hytte og hus. Nei, aktivitet skal det vere – og avisa handlar om aktivitet av mange slag. Men stresset er mykje mindre enn i byen, og trivselen er difor høgare for oss som har noko å gjere i Setesdal.

Diverre er det ikkje arbeid til alle som kunne ha lyst å kome heim att etter å ha vore på skule. Mange vert difor verande utanfor Setesdal. Men mottoet for Setesdal Regionråd er som for Valle kommune: Gjestfri for nye tankar. Så Signe oppfordrar folk om å ta kontakt om dei har noko på hjarta.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *