Amerikabesøk

Share

Det er ikkje bare i Valle det er Amerikabesøk denne sommaren. I går hadde vi slikt besøk då tremenningar av Reidun kom for å sjå forfedrene sine heimplassar på Sørlandet. I alt var dei ti personar, når så elleve frå Sørlandet kunne møte opp, vart det folksamt i stovene.

Bakgrunnen for besøket var at nokre av dei var her for seks år sidan då vi hadde stort slektsstevne med over hundre deltakarar for ei av greinene av Berge-slekta på Skjernøya. Vi samlast i Skjernøy kapell ein torsdag midt i juli, og med det som utgangspunkt gjekk vi på stader der forfedrene streva for livet på sørlandske småbruk. Fiskarbonde var nemning på mange som fekk sitt utkome på den måten, på Skjernøy drog dei og til sjøs i handelsflåten, så der hadde dei fleire bein å stå på. Nokre vart og verande i USA og stifta heim der, arbeidde som bygningsmenn og farmarar og i ei rekke andre yrke.

Ein gammalonkel til Reidun slo seg ned i Chicago og tente til livets opphald ved å jobbe på jernbane. Det var sikkert utkomme og god pensjon, og dotter hans sine to døtre med familiar var på besøk denne sommaren. Alle med base i Chicago, dei fem unge søskenbarna som var med var godt kjende med kvarandre og på omlag same alder, så dei koste seg i eige selskap og let oss vaksne få prate om laust og fast og om korleis livet hadde vore sidan vi møttest for seks år sidan.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *