Maurflittig prost

Share

Paul Emil Rynning må ha vore ein maurflittig prost. Han var fødd på Moss i juni 1890. Han studerte teologi og vart cand.theol. i 1914, bare 24 år gamal. Frå 1936 til han døydde i 1951 var han prest på Løten. I 1926 fekk han H.M. Kongens gullmedalje for ei prisoppgåve om salmedikting, og etter det fekk han hug til å granske meir. Han fekk stipend frå Universitetet i Oslo til ei studiereise til Danmark og Tyskland for å studere salmer,

Etter han var død kom Salmediktingi i Noreg i to band ut på Det Norske Samlaget i 1954, og i 1967 kom Norsk Salmeleksikon. Den siste har eg hatt i samlinga mi ei stund, men i dag skreiv eg ein artikkel om boka på Wikipedia, http://no.wikipedia.org/wiki/Norsk_salmeleksikon og eg er svært imponert over kva han klarte å samle og systematisere.

Norsk Salmeleksikon har omtale av 4028 salmer frå mellomalderen til vår tid, vel, ikkje heilt notida no på 2000-talet, men til tidleg på 1900-talet. Det var naturleg for han å slutte med Landstads reviderte salmebok og Nynorsk salmebok. Frå før 1800 har han omtalt alle bøker med salmer, etter 1800 bare salmebøker til bruk i kyrkja, ikkje sangbøker frå bedehus og organisasjonar eller private samlingar.

Leksikonet hans har med 28 sider med salmediktarar. Det er svært korte artikler om alle forfattarame av dei 4028 salmene med henvisning til kva for salmer dei har skrive.

Eg kan ikkje anna enn å undre meg over korleis det har vore mogleg å få til noko slikt når ein ikkje har ein database der ein kan samle stoffet. Her måtte ein sikkert skrive alt på ark og klekke ut eit system for å halde greie på alt slik at ein kan finne det att. Så står det og i omtalen av arbeidet hans at dette materialet fyller eit stort arkivskap og vart sendt til Universitetet i Oslo til gjennomsyn. Eg lurer jo på kven som kunne ha tålmod til å sjå gjennom alt saman.

På den tida var det ikkje slik at ein sat heime om kvelden og såg på TV. Det var bare ein kanal på radio, og TV var ikkje starta opp. Så folk hadde nok meir tid til å arbeide med slikt. Men likevel vert eg imponert. Sjølv med tilgang til å bruke data og med lang erfaring i å skrive både blogg og på wikipedia, kan ein ikkje anna enn å late seg imponere over arbeidet og innsatsen.

Slik hymnologisk litteratur har vore god å ha når eg har laga sangkveldprogramma mine i Valle Radio. Men no er det slutt for denne gongen, det er blitt juni og Valle Radio har teke sommarferie. Men til hausten, då kan det sikkert verte bruk å leite fram Norsk Salmeleksikon att for å finne stoff til Valle Radio.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *