Omsverma

Share

I dag følte eg meg omsverma. Som oftast sit eg aleine i klasseromet på skulen utover ettermiddagen og planlegg undervisning og skriv på wikipedia og på setesdalswiki. I den seinare tid har eg og skrive på lokalhistoriewiki.

Men i dag fekk eg besøk. Fyrst kom Ånund K. innom, han ville snakke om ei bok han planlegg å gje ut med dikt av Hallvard Eldhuset. Eg skreiv ein artikkel om han på Setesdalswiki i går, sjå http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Halvard_Eldhuset Det er ei bok med dikt, Ånund har fått frie hender til å redigere boka, men synest det er godt å ha nokon å diskutere det med. Eg synest alltid det er gildt når han kjem oppom. Heilt frå eg kom til Valle har vi hatt kontakt, han tok seg godt av meg då eg starta som avdelingsleiar for kyrkja i 1991. Han var kulturkonsulent då, og me hadde mange interessante samtalar, det har me framleis. Etter at me hadde hatt ein kopp te og ein god samtale, drog han heim for å halde fram arbeidet med Setesdalsforlaget sine bøker. Eg er meir enn imponert over det han får til i ein alder av 80 år.

Ei stund etter det kom Karin Bøe innom. Då fekk eg laga ein artikkel om henne til Setesdalswiki, sjå http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Karin_B%C3%B8e I tillegg hadde vi ein god prat om både setesdalswiki og anna interessant. Ho arbeider med boka basert på masteroppgåva, og eg fekk vere med i diskusjonane då ho laga oppgåva, så eg synest det er interessant å få fylgje tankane hennar når ho no arbeider med boka.

Når Niklos K. Besteland er på Valletur, pleier han av og til stikke innom medan han ventar på bussen utover klokka 1615. Det gjorde han i dag og, då vert det gjerne til at vi snakkar om Valle Radio og programma våre eller stoff som er relevant for dei. Sjølv om vi no har sommarferie, kom vi ikkje utanom temaet i dag heller. Det er mykje interessant å snakke om når det gjeld komponistar og orgelmusikk. Niklos kom til å nemne eit eller anna om organisten og komponisten Rolf Karlsen, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Rolf_K%C3%A5re_Karlsen Då kom eg til å hugse på at han hadde laga eit korverk basert på eit dikt av Hallvard Eldhuset og fortalde det til Niklos. Eit samband mellom ein av våre store organistar og byglendingen tenkte eg var litt spesielt og kanskje noko han ikkje visste. Men Niklos visste om det, han hadde til og med hatt notene, men var ikkje sikker på om han hadde dei no. Då eg undra på korleis dei to kom i kontakt med kvarandre, visste han det og. Bror til Rolf Karlsen hadde gått på lærarskulen saman med Hallvard Eldhuset, og både Rolf og broren hadde vore i Åraksbø på besøk og på tur i austheia. Ikkje rart at Rolf Karlsen då fekk kjennskap til Signe liti.

Ei stund etter at Niklos hadde gått til bussen 16:15, kom Jorunn Lund Harstad innom. Då er det klart vi snakka Valle Radio, ho brenn for radioen. Vi gledde oss begge til arrangementet i Kristiansand til helga.

Om ikkje dette er å vere omsverma, så veit ikkje eg kva ord ein skal bruke.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *