St. Hans

Share

I dag har det vore stor trafikk i Tregdeveien. Det er det alltid St. Hans. Folk vil ned til sjøen her aust for Mandal og sjå på båttrafikken på Nordfjorden, den er ganske heftig ein kveld som dette. Holmar og vikar kan få eit bål, det må vere lite i år, for det er svært tørt, og alle bål skal godkjennast av brannvesenet, men dei ser nok ikkje alt. Og om det ikkje blir eige St. Hans-bål, så blir det for mange å tenne grillen i fjæra og ha ein koseleg piknik når det kveldar.

Eg var ein tur i Mandal sentrum i kveldinga, og byen var nesten tom for folk, det var ikkje vanskeleg å få parkert i kveld, til vanleg er det helst eit stort problem om ein ikkje vil inn i parkeringshuset. Fædrelandsvennen hadde jo ein reportasje i dag om parkeringshus på Sørlandet, den kunne tyde på at parkeringshus ville vere det viktigaste ein kunne ha for at bysentrum skal leve. Men i kveld var nok bilane andre stader.

Nokre folk hasta til båtane. I Mandalselva er det laga båtplassar til ganske mange, særleg om ein tek med det som er ovanom bruene. Der ligg båtar i alle prisklassar og storleikar, men i kveld var mange av dei borte. Å ta ein tur på sjøen St. Hans-kvelden er noko Mandalsfolk med båt gjerne unnar seg.

Sjølv har eg ikkje båt. Då vi flytta frå Vesterålen, selde eg båten eg hadde der nord. I Setesdal var det ikkje bruk for han, men det hender at eg saknar han når eg er i Mandal. Fridomen på sjøen er ei oppleving eg gjerne skule hatt, sjølv 20 år etter at eg drog småsei i Hadselfjorden.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *