Studieturen, mat og bilete

Share

No er det lasta opp bilete til Facebook-sida til Valle Radio. Alle kan sjå dei, trur eg anten ein er medlem av Facebook eller ikkje. Gå til http://www.facebook.com/?sk=ff#!/photo.php?id=315158359845&pid=3975527 så får du sjå oss alle saman utanfor NRK sitt hus på Tangen. Det biletet høyrer til ei gruppe på 38 bilete som vart tekne på turen. Lenke til samlesida finn du her: http://www.facebook.com/?sk=ff#!/album.php?aid=176258&id=315158359845&page=2

Eg fortalde laurdag og i går om besøket i NRK. No er det vel tid å fortelje om middagen på Sjøhuset. Eg tenkjer at når ein går på Sjøhuset, får ein bestille fisk, så eg fekk fiskesuppe og steinbit. Eg trur Øyvind Jacob og Ronny Stavsholt tenkte det same som meg, for dei valde og fisk til hovudrett. Men resten av radiogjengen hadde kjøt, så langt eg hugsar.

Medan vi sat og venta på maten, kom Thor Åmli i morgenkåpe for å underhalde. Det gjorde han med små helsingar til ei rekke av programleiarane, ein kunne ikkje anna enn å gje seg ende over, så treffsikker og slagferdig var han. I løpet av middagen takka styreleiar Ørnulf oss alle for innsatsen i radioen. Og då middagen gjekk mot slutten, takka Kåre Rike for maten med ein sprudlande tale.

Det er jo ikkje lov å røyke inne på restaurantar no, så dei mest røykesugne tok seg fleire turar ut mellom slaga, noko som førte til litt kompliserte tilhøve for servitøren, som ikkje så lett kunne vite kven som skulle ha kva, vi hadde jo bestilt på førehand, men det føresette jo at folk var der når maten kom. Men ho heldt oppe humøret, noko som sikkert betalte seg når ho skulle telje opp tipsa ho fekk. Smilande og blid gjennom heile kvelden gjorde ho sitt beste for at vi skulle ha det godt og triveleg.

Då vi kom ut, var det sval sommarkveld. Vinden, som var ille tidlegare på dagen, hadde stilna, og når ein såg mot Danmark var det “blegas”, er det ikkje det dei seier i byen? Dei andre diskuterte kva dei skulle gjere, kvelden var ung, bare halv tolv. Men eg fann vegen til business center for å skrive laurdagens blogg. Og no gjekk det betre enn tidlegare på dagen, bloggen vart lagra etter alle kunstens reglar, og du kunne lese den sundag morgon.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *