Valle Radio hos NRK Sørlandet

Share

I dag klokka kvart på tolv troppa 14 medarbeidarar frå Valle Radio opp i NRK Sørlandet på Tangen i Kristiansand. Dei fleste kom frå Valle i dag tidleg, men eg kom frå Mandal. Alle vart helste velkomne av Anders Sårheim, distriktsredaktør i NRK Sørlandet, som kunne fortelje at han og hadde erfaring frå lokalradio i Sogn og Fjordane på 1980-talet. Det vert færre profesjonelle som har slik erfaring, kunne han fortelje, for dei fleste lokalradioane no vert drivne av folk som har det til jobb. Men han meinte det var eit tap at vår type lokalradio har gått tilbake.

Vi fekk fyrst ei lita orientering, og så stod vi som tente lys då Tom Nikolai Kolstad las dei lokale nyhetene klokka 12. Etterpå fekk vi kome inn i studio og sjå nærare på dei tekniske løysingane. Dei hadde teksten dei skulle lese på skjerm og hadde sjølkjør, der opptak eller telefon kunne køyrast inn frå miksebordet av journalisten, han trong ingen teknikar. Vi meinte at for Valle Radio var det nok best å ha ein teknikar, det sosiale for oss betyr mykje. Vi fekk sjå eit gamalt studio etterpå, det bruker dei når dei lagar program for P2, NRK Sørlandet lagar fleire program for P2, det var ikkje eg klar over før eg kom der.

Ørnulf fekk prøve programleiarstolen, då blinka det i mange blitsar, biletet er kanskje alt på facebook. Orienteringa gjekk vidare til TV-studio og vi fekk sjå kor og korleis dei avviklar lokal TV-sending. Det var eit snedig system for å lese teksten på ein skjerm utan at augo flytter seg, blitsane gjekk varme i dette romet og. Heile tida kunne vi kome med spørsmål og kommentarar, og det var ikkje fritt for at vi vart rimeleg overraska då vi kom til musikkarkivet og såg alle cd-platene og alle LP-platene dei hadde. No brukte dei nesten aldri desse lenger, all musikken låg på ein stor server for heile NRK. Men dei hadde teke vare på det og kunne bruke det om serveren fekk problem. Nokre av spora på platene var kanskje heller ikkje på den sentrale serveren.

Anders Sårheim var ein god guide og fylgde oss gjennom det store huset til ulike avdelingar, det var laurdag og det var bare tre på vakt, så huset var nokså tomt. Vakta laurdag gjekk til 19:30. Til vanleg jobbar det 55 personar i NRK Sørlandet, nokre held til i Arendal og Farsund eller Flekkefjord, men dei aller fleste har basen sin i Kristiansand. Interessant var det og å få vite at pulten dei sat på høyrde til sendinga dei skulle ha, dei hadde sin eigen kontorpult og, men i redaksjonen var det funksjonen som bestemte kor dei sat.

Det var ei svært interessant oppleving å få denne omvisninga. Som takk overrekte vår redaktør og styreleiar Ørnulf Hasla Valle Radio-krus. Vi tok bilete av oss utanfor radiohuset, du må gå på facebook-sida vår for å sjå bileta.
http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845#!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *