Verda er ikkje alltid så stor

Share

I helga var eg, som eg fortalde fredag, på Sandøya ved Brevik på besøk hos Margunn og Stein. Dei har kjøpt seg hus der, litt oppe på øya med utstikt frå Brevikbrua i nord heilt sør til Langesund. Å sitje der i stova eller på kjøkenet med ein slik utsikt og fylgje den yrandre trafikken i fjorden av småbåtar i sakte fart og småbåtar i stor fart via større båtar til store containerskip og gasstankarar er ei oppleving for ein landkrabbe som ikkje ser sjøen til dagleg.

Ferja over til Sandøya tek seks bilar, så ein bør helst bestille plass, og det hadde vi gjort til avgangen fredagskvelden klokka 2010. Det tek bare 10 minutt over fjorden, og snart kunne vi køyre i land på andre sida. På eit skilt på kaien i Brevik stod det at det bare er lov med nyttekøyring på Sandøya, på grunn av vegen sin standard. Og vegen er smal, ikkje lett å møte ein bil, då må ein helst ut av vegen for å kome forbi. Ja sjølv ein syklist kan vere vanskeleg å passere.

Difor la vi oss bak ei jente som sykla opp bakken frå kaien. Ho trødde krafting, men bakken var helst tung, så til slutt måtte ho hoppe av og spasere litt. Ho svinga inn same sidevegen som Stein, og vi fylgde etter. Vel framme i tunet til Stein og Margunn hoppa han ut av bilen og gjekk for å helse:
-Er du den nye naboen vår?
-Ja, eg er vel det. Eg heiter Elisabeth. Vi flytta inn 1. juni.
-De har fin utsikt og mykje sol.
-Ja, eg trur vi har meir enn dykk.
-Men litt meir vind og.

Medan samtalen gjekk, det var solgangsbris og ein kunne godt kjenne vinden denne kvelden, sjølv om det vel hadde stilna, klokka var nær ni, parkerte eg og kom meg ut av bilen.

-Neimen, Harald! ropa Elisabeth.
-Han var jo læreren min i Valle!

Eg skjøna mest ingenting, men oppdaga etter kvart at det stemte. Det er gjerne slik at når ein møter ein person heilt utanom den vanlege samanhengen, så er det i alle fall for meg slik at eg treng litt tid før samanhengen mellom ansikt og namn fungerer.

Og sant nok, sjølv om det var runne ein del vatn i havet sidan ho gjekk på ungdomsskulen i Valle, så var det Elisabeth som stod i tunet hos Margunn og Stein. Ho helste på Margunn og, og plutseleg var det klart for oss alle at verda ikkje alltid er så stor.

At ein kan oppleve slikt meir enn ein gong, skal eg fortelje meir om i morgon.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *