Verda er ikkje alltid så stor 2

Share

Eg lova at eg skulle fortelje om ei anna oppleving av at verda ikkje alltid er så stor. Den hadde eg på heimtur frå Sandøya i Brevik. Eg skulle tilbake til Mandal og Valle, Reidun hadde ei friveke og hadde lova å kome til Nittedal for å vere bångjøle nokre dagar. (Om du ikkje veit kva bångjøle er, kan du gå til http://www.vallemal.no/frames.jsp?menu=3 og søke på ordet.)

Det var tre kvarter å vente på bussen på Rugtvedt, og då gjekk vi inn på veikroa der, tvert overfor Lasses, bak Esso-stasjonen, for å få oss middag før vi skildest. Så gjekk vi til buss-haldeplassen. Bussen til Kristiansand var komen, bussen innover måtte vi vente litt på. Plutseleg høyrer eg ei stemme som eg til no helst har høyrt i Open sending i Valle Radio:

-Er det ikkje Harald Haugland som og er her?

Eg snudde meg, og der kom Kjellaug Rysstad gåande saman med to andre. Ho var på veg heim til Kristiansand, og skulle på den bussen som alt stod og venta.

-Eg har vore i Langesund og halde lefsekurs to dagar, så no har vi baka mykje lefser, sjå ho har til og med fløygen i veska, fortalde Kjellaug.

Så mykje meir rakk vi ikkje, anna enn at ho fortalde venene, som var i Kystlaget i Langesund – det var dei som hadde arrangert kurset – at eg var programleiar i Valle Radio og at vi helst møttest på telefonen der.

Eg sa at eg kom nok til å blogge om at eg trefte ein lyttar på busshaldeplassen på Rugtvedt i Bamble, der er jo litt spesielt å møte lyttarar langt utanom nedslagsfeltet vårt, sjølv om Internett jo gjer at ein kan høyre nesten alle stader i våre dagar.

Og no har eg blogga om hendinga.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *