Meir olsokrelatert

Share

I går skreiv eg om konserten eg var på torsdagskvelden, olsok. Den konserten slutta med Improvisata over Hellig Olav av Gottfred Pedersen. I dag fekk eg med meg Ring inn musikken på NRK P2, det prøver eg å få med meg når det høver slik. Og då var det ein som ringte inn og ønska seg dette verket. Han fortalde om komponisten at han var frå Finnmark og etter endt utdanning reiste han tilbake til Vadsø og vart organist der. Diverre døydde han alt i 1941, bare 30 år gammal.

Det var eit triveleg gjenhøyr, Bjørn Andor Drage, tidlegare domkantor i Bodø, som vi har høyrt spele i Postludium i Valle Radio fleire gonger, spelte stykket. Så det var meir aktuelt enn ein skulle tru å skrive om det i går kveld. Eg skreiv fyrste verset av diktet av Welhaven i går, sitert frå programheftet. Eg rota ein del på Internett for å finne heile diktet, det var ikkje lett, så eg trur eg legg det på bloggen, så kan folk som skulle trenge ein versjon kopiere frå bloggen og sleppe å skrive inn heile diktet sjølv. Eg fann diktet i ei bok som google har scanna. Ikkje alle bokstavane kom rett i den operasjonen, så du får bære over med feila. Her er lenke til originalen om du heller vil lese den:
http://www.archive.org/stream/norsklaesebog00paulgoog/norsklaesebog00paulgoog_djvu.txt

En vise om Hellig Olay.

Hellig Olav stod ved fjorden med sin hær;
pinsefesten var forhaanden;
alskens løv og blomster artede sig der
fagert under Folgefonnen.
Kongens drage laa og speiled sig ved strand,
bispen stod med korset paa den bvide sand,
kongens kjæmperad
laa paa knæ og bad,
og der gik dem lyn i aanden.

Hellig Olavs aasyn skinned som en sol,
klar sad kronen ham om panden;
mens ban knæled, laa bans rige purpurkjol
som et teppe over sanden.
Her han vilde atter i en stakket frist
bygge kirke til den sterke Herre Krist;
alt paa pinsedag
skulde fra dens tag
korset lyse over stranden.

Og da verket nu var helliget med bøn,
mured hver en kjæmpe trolig;
men i fjældet l0d der underlige dr0n;
dvergeslegten blev urolig.
Høit fra uren railed grus og kampesten,
og fra lien kom der rod og bul og gren;
ilde saa det ud
for kong Olavs Gud;
ilde freded man hans bolig.

Hellig Olav med sit luerøde skjæg
kyssed hjaltet paa sin klinge,
og ban holdt det høit mod dvergeballens væg,
og ban korsede sin bringe.
Se, da railed alle stene ned i mag,
og de føied sig til muren, lag ved lag,
og hver stok, der sprang,
blev en bjelke lang;
øksebrnget var knn ringe.

0, hvor gram blev da den travle dvergeflok,
jorden skaly ved deres masle;
og de stødte til en vældig vippeblok
med de kobberskoede hæle.
Hellig Olav mæled da et lystigt ord:
„Se, der kommer dvergen med vort alterbordi”
Stenen damped ned
just paa rette sted,
der hvor kongen pleied knæle.

Snart var kirken med sit skifertykke takt,
klar den stod paa pinsedagen;
og i koret var paa alterstenen lagt
gyldenstykke og skarlagen.
Bispen stod i bønnen, bøiet over den,
kongen gik til offers dåd med sine mænd;
altervinen klar,
gold og farvet glar
bragte ban i land fra dragen.

Kirken stod ved strand i mange hondred aar;
nu er dog dens mur forsvunden;
men til Olavs ros endnu blandt løvet staar
alterbordet over grunden.
Moseteppet hviler nu paa stenen graa,
Abildtræt strør sin hvide blomst derpaa,
og fra birkens top
stemmer fuglen op
pinsesalmerne i lunden.

Mangen sommerkveld, naar i den dunkle fjord
triller dug fra grønne blade,
vies dog kong Olavs faste alterbord
atter til et helligt stade.
Dalens søn har der et stevne med sin brud,
og de veksler ringe der for Olavs Gud,
og de knæler ned
trygt med baab og fred
og i sommerdrømme glade.

Derfor kan kong Olavs minderige ry
ingensinde gaa tilgrunde;
med hver dalens slegt det hæver sig paanj
fagert fra de friske munde.
Hellig Olay med sit bjerterøde skjold
dasker klippen, hvor den kneiser mørk og gold,
og hans saga gaar
gjennem Norges vaar
vidt som faglesang i lunde.

Olsok i Oddernes kirke

Share

Hellig OIav stod ved fjorden med sin hær
pinse-festen var for hånden;
alskens løv og blomster artede sig der
fagert under Folge-fonden.
Kongens drage lå og speiled sig ved strand,
bispen stod med korset på den hvide sand,
kongens kæmpe-rad
lå pa knæ og bad,
og der gik dem lyn i ånden.

Welhavens dikt om Olav den hellige er nok noko av inspirasjonen for Gottfred Pedersen (1911-1941) sitt kjente orgelverk Improvisata over Hellig Olav. I går på Olsok var det jo naturleg for Ian Richards å avslutte konserten i Oddernes kirke i Kristiansand med dette stykket, som og vart avslutninga på orgelkonsertserien Orgelsommer i Kristiansand 2010. Eg hadde nok hatt høve til å vore inne på konsertane, som gjekk tysdag og torsdag klokka 20:00 tidlgare i sommar, men det hadde det ikkje blitt noko av. I går manna eg meg opp og tok turen til Oddernes – der fekk eg ei stor oppleving.

Det var etter at Oddernes kyrkje fekk nytt orgel i 1994 at denne serien starta. Ian Richards har vore primus motor for serien, han har spelt dei fleste konsertane sjølv, i sommar ikkje mindre enn seks av dei åtte konsertane i serien, som går i juli månad.

Den fyrste gledlege overraskinga var at det var langt fleire på konserten enn det har vore på dei arrangementa eg har vore på før om åra.

Det andre var forma som Ian hadde funne i måten han presenterer konserten på. Vi fekk utlevert program for kvelden, tidlegare i serien kosta eit programhefte 20 kroner, men det var gratis entre. Men for dei to siste konsertane hadde ein laga eige programhefte. I tillegg helsa Ian oss velkomne og fortalde litt om programmet. Så tok han mikrofonen med seg på galleriet, og derifrå kommenterte han programmet også utover i konserten. Det minna meg litt om korleis folkemusikkutøvarar presenterer lydarslåttar, sjølv om dei morosame anekdotene mangla. Kjem dei på plass vil kanskje talet på publikum auke frå 60 til 200.

Så var det programmet. Det var variert med kjent og ukjent stoff. Når ein veit at Ian spelar alt utan noter, kan ein ikkje bli anna enn imponert. Han fortente både takken og blomen han fekk frå leiaren i soknerådet i Oddernes for innsatsen. Her er programmet:

Bach: Toccata, adagio og fuge i C, BWV 564
Samuel Wesley: Air and Gavotte
Samuel Sebastian Wesley: Andante i e-moll
Johannes Brahms: Tre orgelkoraler –
Nr. 9: Herzlich tut mich verlangen (Velt alle dine veie)
Nr. 10: Same koral, med melodi i ein understemme
Nr. 11: O, Welt, ich muss dich lassen (Nu lukker seg mitt øye)
Flemming Chr. Hansen: Interlude – to the memory of David Sanger (1947-2010)
Jehan Alain: Litanies og Postlude sur l’office-de-complies
Mons Leidvin Takle: Toccata (2010)
Felix Mendelssohn: Allegro og koral i d-moll/D-dur
Gottfred Pedersen: Improvisata over Hellig Olav

Sjusovardagen

Share

I går var det sjusovardagen. Dagen var til minne om sju unge menn som etter legenden gøymde seg i ei grotte under kristenforfylgingane på 200-talet og som vakna til live att etter to hundre år. Du kan lese meir om det her http://no.wikipedia.org/wiki/Syvsoverdagen

Dagen vart litt spesiell for meg, for straumen gjekk mellom fem og halv seks, og då vakna eg. Altså var eg ingen sjusovar i vår forståing av ordet. Eg tenkte at eg kunne sjå om nokre av naboane hadde straum, men etter det eg kunne finne ut, var det ingen lampar som var tende. Det varte og rakk og vi fekk ikkje att straumen, og då tek ein til å lure på om det er noko gale med det elektriske anlegget, og ettersom alle radioane våre går på straum, ikkje batteri, kunne eg ikkje få noko nytt frå Sørlandssendinga heller.

Men så tenkte eg at bilradioen ville jo fungere, og dermed gjekk eg ut for å høyre om det var noko i NRK P1, som starta klokka seks med Dagsnytt og Morgenradio frå Sørlandet. Men Knut Knutsen Eikeland hadde ikkje noko nytt å melde. Imidlertid kom det ein Otera-bil forbi då eg sat i min bil og høyrde nyhetene, og dermed tenkte eg at eg kunne fylgje etter den, kanskje han skulle fikse noko. Han snudde litt borti vegen, og eg snudde litt lenger borte for å følgje etter han, men på den korte stunda forsvann han, og sjølv om eg sette opp farten på veg til Mandal, såg eg ikkje meir til han. Etter kvart kom eg til folk som hadde lys ute, så eg skjøna at det var noko i nærområdet vårt som var galt, og så snudde eg.

I alt dette møtte eg avisbudet, og dermed fekk eg ferske aviser på morgonkvisten, så eg tenkte at eg kunne jo lese dei og sjå om straumen kom att. Det gjorde han til slutt, då hadde kona fått SMS fra Agder Energi om at dei hadde problem i vårt område, det visste vi jo for så vidt, så den meldinga var jo ikkje så veldig viktig, det som hadde vore viktig, var vel heller stipulert tid for når vi kunne få straumen att. Eg trur klokka vart nærare halv åtte før fryseboks og kjøleskap starta, og så måtte vi ta ein runde og fikse andre el-baserte dingsar etter kvart.

-Eg trur eg legg meg att, sa eg til kona då eg hadde lese avisene og straumen var vel komen attende. Ho hadde fri og eg hadde fri, og snart så dorma eg av att.

Halv elleve kom ho inn og lurte på om eg visste kva dag det var. Ho var svolten og meinte at når vi begge hadde fri, var det jo kanskje naturleg å ete frokost saman.

Så Agder Energi gjorde meg til sjusovar denne dagen.

Eg ville jo fortalt om dette i går, men då hadde bloggen sin skrivefunksjon gått “Temporarily out of service”, så det enda opp med at du fekk historia i kveld i staden. For no verkar det som om blogg-tenesta eg nyttar, igjen fungerer slik ho skal.

Første bilde på fugler.net

Share

Fuglar har vore Håkon si store interesse i mange år. Difor har det vore interessant å kome på besøk til morfar, som har ei kattugle på låven og svalereir under pannene på taket. Over Øygardsfjellet flyg det jamnt og trutt ein musvåk og av og til er det store flokkar av måkar å sjå over heia. Så får det våge seg at katten Pinky tek ein og annan av dei som ikkje kjem seg unna i tide. Ein får kose med han som best ein kan. Det meiner lillebror Nikolai og, og Pinky let han til og med dra seg i halen utan å klore.

Så drog dei, og laurdagskvelden var huset tomt og eg kan bare sitje her og tenke tilbake på gode sommaropplevingar. Vi hadde dei ved datamaskinen og, eg synte åtteåringen vegen til fuglebileta på wikipedia, og der var det jo så mange at ein kunne verte noko overfora. Dermed gjekk turen tilbake til biletlista på fugler.net

Men litt ut på sundagen kom det eit brev. Håkon var på besøk hos tante Margunn og ho hadde hjelpt han til å lage epostkonto, slik at han kunne skrive epost til morfar. Og fyrste eposten var ikkje noko knussel,

Det var ikkje bare ein slik “Hallo morfar, eg har fått epost”, som det ville vore lett å sende. Nei, han hadde noko å fortelje og. Laurdag hadde han vore ute og fått eit bilete av ein ærfugl i sjøen utanfor Sandøya ved Brevik. Her kan du sjå det:
http://fugler.net/fn.asp?nowpage=bilder&MODE=DETALJ&utnr=0&BildeID=15091

Å fotografere fuglar er ikkje lett, så eg synest han har fått til eit bra bilete av denne ærfugl-hoa. Du kan lese meir om ærfuglar på wikipedia:
http://no.wikipedia.org/wiki/%C3%86rfugl

Tomt hus

Share

Sommarferien er på hell, det merka vi godt i dag då barnebarna hoppa i bilen for å dra austover. No skulle dei besøke tante Margunn og onkel Stein på Sandøya i Brevik. Eg hadde ein liten prat med dei for å høyre litt om kva dei hadde fått ut av ferien.

Håkon har vore på fisketur og fått makrell både på stang og på snøre. Det var vanskeleg å få makrellen til å hange på stanga, med snøret kunne ein få seks på same snøret. Til saman fekk dei 37 makrellar, og steikt makrell er god middag, særleg når ein har fiska den sjølv.

Fuglelivet i Harkmarksfjorden har vore interessant å studere, det var og artig å lure Kristine ut i søyledammen på friområdet der. Og så har det vore interessant å sjå Tour de France og endå meir interessant med alle kanalane med fotballkampar som morfar har.

Kristine rakk akkurat å lese ut Harry Potter 5, den var på mest 800 sider. Når ein er sju år, vil nok morfar meine at det er ein prestasjon. Etter det er forstår er Hermine Grang kome ut av koma og gåta i mysteriekammeret er visst løyst på akseptabel måte. Kristine avslutta med dei siste sidene i dag tidleg, men etter reglane får ho visst ikkje lov til å begynne på neste bok før om tre år. Turen austover skulle brukast til å sjå ein film om Harry Potter, det var visst nr. 3.

Nikolai på 14 månader har nesten slept taket og starta å gå, men det beste er å ha noko å halde i, så ei hand eller ein bordkant er absolutt god å ha. Og eigentleg hadde han nok likt å ha med katten Pinky heim, når katten ligg og veiftar med halen, er det nesten uråd å late vere å ta i den.

Så sit to besteforeldre att med gode sommarminne om barnebarn som fekk ha tre gode veker på Sørlandet i år og. Det er ein god måte å lade batteria på før eit nytt skuleår startar.

Orgelkonsert i Mandal kyrkje

Share

Denne veka har eg fått fleire hint om at det skulle vere orgelkonsert i Mandal kyrkje fredag 23. juli. Alt tirsdag var det varsla i Lindesnes Avis. Og i kveld var tida inne. Opp mot 30 personar samla seg i kyrkja klokka 20 for å få med seg eit engelsk program. Organisten var engelsk, komponistane var engelske.

Organisten var forresten halvt svensk, han fortalde litt om seg sjølv til innleiing på konserten. Det gjorde han på svensk, mor hans kom frå Karlstad, men han hadde vakse opp nær London. Då han skulle studere, hamna han i Aberdeen, der vart det kanskje meir orgel enn historie. Og så vart han assisterande organist i St. Andrew Cathedral då han var ferdig med studiane. I september vil han starte som organist i Connecticut, USA, så det var ein av hans siste konsertar i Europa før han dreg vestover.

George Chittenden var organisten, og komponistane han spela var kjende for dykk som høyrer på Valle Radio tysdagskveldane klokka 20:30. Her er programmet:

Percy Whitlock: Paean

Herbert Howells: Psalm Prelude Set 1, No 3 (“Yea, though I walk through the valley of the shadow of death, I will fear no evil; for Thou art with me, Thy rod and Thy staff, they comrot me.”)

Kennet Leighton: Six Hymn Fantasies
1) Helmsley
2) Aus Der Tiefe
3) Canonic Variations Upon Lumetto
4( St. Columba
5) Veni Emmanuel
6) Toccata upon Hanover

William Walton: Crown Imperial

Det var eit flott program, og orgelet i Mandal kyrkje, nystemt for dette høvet etter ein hard vinter der fleire ting måtte gje tapt i kulden, var atter i godt slag. Klangen i orgelet i Mandal er heilt for seg sjølv, og George Chittenden leita fram fargar ein sjeldan høyrer i instrumentet. Så det vart ein fin kveld.

Fiskemiddag og feriemodus

Share

I dag var det tid for steikt makrell. Som eg fortalde i går var det ein vellukka fisketur for barnebarn og svigerson, og vel heime att var det 37 makrellar som vart stelte til middagsprosjonar.

Til vanleg er ikkje fisk nokon favoritt for barn, om ein då ikkje tenkjer på fiskepinnar, dei kan nok aksepterast. Men sjølvfiska makrell er noko anna. Steikte og utan ryggbein låg dei på bordet i høvelege stykke – det var bare å ta for seg. Med salat vendt i rømme, poteter, gulrøtter, babymais og agurksalat – her var mykje tilbehør om hovedretten ikkje skulle falle heilt i smak. Men det var ugrunna frykt, born og vaksne tok for seg av fisken med god apetitt. Til og med Nikolai på 14 månader var med på festen.

For Håkon på åtte og Kristine på sju har ferien hos mormor og morfar vore allsidig. Dei fleste dagane har dei bada, anten i Sørlandsbadet, på Sjøsanden eller helst ei av strendene nær Sjøsanden, Banken eller Kanelstranda. Men dei har og vore i bassenget på Tregde feriesenter. I utgangspunktet skulle dei bare få is i dagar med R, men eg trur nok det har blitt is i dagar med G, det vil seie praktisk talt kvar dag. Eit par turar til Dyreparken har det og blitt, men for det meste har dei vore her i nærleiken, ein treng ikkje dra rundt på leiting etter attraksjonar når det er fugleliv og dyreliv rett utanfor dørene.

For å vere på den sikre sida har Kristine hatt med seg ei bok i Harry Potter-serien. Målet hennar var å lese ut boka i ferien, og det trur eg ho klarar. Så vi diskuterer problema som Harry møter når det høver seg slik. Då eg i dag lurte på om ho var Hermine Grang, fekk eg vite at Hermine var i koma i mysterieavdelinga i Magidepartementet. Fleire av dei andre jentene i boka var og det, så det var nok noko kritisk akkurat no. Difor var det heller ikkje så lett å legge boka frå seg i sommar.

Fisketur og meir til

Share

Eg trur ferien syng på siste verset for fleire av oss no etter kvart. I det eg skriv dette, kjem eg på at ein av feriejobbane mine må gjerast ferdig no snart, men det får vente, i alle fall til eg er ferdig med denne bloggen. Då er det truleg blitt leggetid, så vi får nok heller sjå kva morgondagen kan bringe av lyriske formuleringar.

Gårsdagen førte til at eg vart sitert i Bergens Tidende i dag som pressetalsmann på Wikipedia. http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Uthengt-som-juksemaker-1123778.html Det skuldast saka om kappgangaren Erik Tysse. I går var det pressekonferanse i samband med ei dopingsak, noko som førte til at artikkelen om han vart utsett for vandalisme – særleg var det artikkelen på nynorsk wikipedia som fekk gjennomgå. Dette vart fanga opp av Bergens Tidende, noko som igjen førte til at eg sende dei ei melding om korleis vi kjempar mot vandalisme på wikipedia, noko journalisten i Bergens Tidende var glad for. Du må sjå i historikken på denne artikkelen for å finne vandalismen. http://nn.wikipedia.org/wiki/Erik_Tysse

Ettersom det går mot slutten av ferien, drog Helge vidare i dag. Som Oslo-buar treng han ikkje bil med unntak av når han skal besøke oss, så han har skrota bilen sin og fått vrakpanten. Eg fekk han på bussen austover, snart ventar arbeidsplassen i Tigerstaden på han.

Då vi fekk oss middag i dag, kom naboen og inviterte på fisketur. Eg takka nei denne gongen, men svigerson og barnebarn drog med, og i åttetida i kveld kom dei heim att. Fyrst ut av bilen var Kristine, ho kom i full fart inn:

-Vi fekk to makrellar.
-Bare to, sa Reidun
-To makrellar
-Eg må gå og sjå.
-Eg bare tulla, vi fekk over tretti.

Då måtte Reidun i alle fall gå og sjå, og det stemte, bøtta var full av fin pir. Eg trur pus fekk eit lite festmåltid, sjølv om han hadde fanga seg ei mus tidlegare i dag. Og i morgon er det nok duka for eit festmåltid på sjølvfiska makrell for barnebarn så vel som resten av familien.

-Ein gong fekk vi seks fiskar på ein gong, kunne den stolte fiskaren fortelje.
-Men vi fekk ingen torsk, bare makrell, alt saman.

Sommar på Sørlandet er mangfoldig med alle sine opplevingar.

Ikkje triveleg – triveleg

Share

Å vere i butikken og få melding om at bankkortet er avvist, det er ikkje triveleg. Eg prøvde to gonger i dag, og det har hendt ein gong før. Då er det bare å setje varene att i kassa og prøve å få tak i kontantar for å løyse dei ut seinare. Når minibanken ikkje ligg vegg i vegg med butikken, vert det litt stress.

Stresset vart ikkje mindre då minibanken slukte kortet mitt og sa “Ta kontakt med din bank.” Då stod eg der, gode råd var dyre, eller for så vidt ikkje så veldig dyre når ein har ein mobiltelefon og kan ta kontakt direkte, dette var i opningstida for banken, så folk var på jobb.

I andre enden møtte eg Toril Dale, og ho har evnen til å roe ned ein noko stressa kunde. Eg kjende korleis blodtrykket vart normalt då vi begynte å snakke saman.

-Har du fleire bankkort, spurde ho.
-Nei, sa eg, -det kan eg aldri tru.
-Eg skal sjå, svara ho, -kva er kontonummeret ditt?

Og medan ho tasta inn tal på skjermen sin i Valle, tok eg til å rote i korta mine i Mandal.

-Men kva i all verda er dettte, her er det sanneleg eit kort til, sa eg i telefonen.
-Kanskje du brukte eit gammalt kort? undra Toril.
-Eg trudde eg hadde klypt det gamle kortet i småbitar sa eg.
-Kanskje du gløymde å gjere det, og så fekk du det med deg i dag?
-Du har nok rett, sa eg
-Prøv det du fann, og om det ikkje verkar, kan du ringe opp att, så skal vi sjå om vi ikkje kan hjelpe deg med å bekrefte til banken at dei kan betale ut pengar til deg om ingen annnan måte fungerer, sa Toril og så avslutta me der.

Eg slapp å ringe henne, Ut av minibanken i Mandal kom dei velsigna sedlane, og så kunne eg gå tilbake til butikken og få med meg både frukt og melk og brød og middag og kva det no var eg hadde handla.

Sa du aviser. Juli er ein månad praktisk talt utan kjøpte aviser, og det heldt eg i dag og.

Ein blogg til å verte klok av

Share

Eg hadde likt å kunne blogge som Thor Bjarne Bore. Den tidlegare redaktøren av Vårt Land og Stavanger Aftenblad, leiar i Kyrkjerådet og engasjert i mange andre samanhengar, har ein blogg det er verd å lese: http://bore-aktuelt.blogspot.com

I ei rekke bloggpostar kalla Ferienorge Rundt skriv han om laust og fast frå ein biltur i Ferie-Norge. Det er interessant, Bore er kunnskapsrik og har ei skriveglede som gjer at ein gjev seg over i lesinga. Så eg vil anbefale deg å gå i arkivet hans og, det er mykje å ta av.

Så mykje meir enn dette rekk eg ikkje i kveld. Lille Nikolai på vel året søv i romet ved sida av, og når han no har teke til å lage små lydar, er det vel ikkje lenge før det er leggetid for mor hans og. Dermed er det nok tid for meg å stenge datamaskinen for i kveld. Det får våge seg at bloggposten min i kveld blei ein av dei kortaste eg har skrive, om ein held unna programoversiktene, då. Eg får kome sterkare att i morgon, som dei seier i Tour de France.