Familiegjenforening

Share

Eg las i Vårt Land laurdag om Heidi og Roberto Enconado som gifta seg i Norge og reiste ut som misjonærar til Filippinene. Etter 15 år i teneste for pinsemenigheten i Drammen får far i familien ikkje flytte med Heidi heim att til Norge, for dei har tent mindre enn det norske styresmakter godtek. Med misjonærlønn tilpassa lønnsnivået på Filipeinene er ikkje den norske saldoen på sjølvmeldinga høg nok til at dei slepp gjennom nålauga.

Mor og tre barn må etterlate far i Manila om dei vil reise heim til Noreg. Foreløpig bur dei der og ventar på at han skal få svar på anken, men UDI seier at det er lite rom for skjønn i slike saker.

Lenke til artikkel om dette: http://www.k-s.no/artikkelside/article/19525

I Valle kjenner eg to burmesiske flyktningar som går og venter på at ektefellene skal kome til bygda. Dei er i ein annan situasjon enn den norske misjonæren, men opplever same regelverket. Når du les dette er ein av dei på feriebesøk hos ektefellen sin, som studerer i Bangkok medan ho ventar på visum til å kome til Norge. Den andre ventar i Valle, det har ho gjort eit år no.

Vi som kjenner folka bak skjema og papir, har møtt dei på butikken, på jobb eller skule eller høyrt dei syngje i Familiekoret, føler med dei som opplever den byråkratiske kverna. Ho er sein og omstendeleg, det skal intervju til og melding frå lokalt politi tilbake til UDI og derifrå til ambassaden i landet der ektefellen bur. Og det er ferie og andre tilhøve som gjer at ting tek tid.

Og vi vonar med dei så vel som med misjonærfamilien i Manila at folk som er glade i kvarandre og har stifta familie og fått born, skal kunne bu saman her i landet når kverna har fått malt seg ferdig.