Bergensbanen

Share

Vi var mange som fylgde med Bergensbanen i påska i fjor då NRK hadde laga TV-program av heile turen frå Bergen til Oslo. Då gjekk toget om Drammen, så vidt eg hugsar. i dag tidleg gjekk det over Roa, og då klokka var mellom halv ni og ni fekk eg tekstmelding som sa at no køyrer vi forbi Nittedal. Sol og fint ver.

Reidun og Helge hadde aldri teke Bergensbanen, så dei valde å ta turen då dei skulle reise heim, Helge på ferie og Reidun etter å ha vore på besøk hos barnebarn i Nittedal. Dei unnar seg ikkje heile turen, men stoppar på Myrdal og tek Flåmsbana til Flåm og får med seg Sognefjorden i same reisa. Ein fem timars båttur til Bergen vert prikken over i-en.

Denne reisa er sterkt marknadsført for turistar, og då vi sist veke hadde besøk av Reidun sine tremenningar frå USA, fortalde dei at dei skulle vidare til Bergen og derifrå ta toget til Myrdal og returnere med Flåmsbanen og båt til Bergen. Det skilde ein dag på at dei hadde treft kvarandre, USA-folket tok turen i går, Reidun og Helge kjem etter i dag.

Sjølv har eg reist mange gonger med Bergensbanen, både natt og dag. Rett nok er det nokre år sidan no, men både då eg var redaktør av Fiskerens Venn og då eg var rektor på Hadsel Folkehøgskole, hadde vi møte på Geilo, så turen med tog over fjellet har eg gjort ein del gonger. Men etter at vi flytta til Valle, er det ikkje blitt mykje tog på meg.

Eg får kanskje ta det att når eg vert pensjonist. Då vert det ikkje i år, for eg gleder meg alt til ein ny sesong i Valle Radio.