Rotbløyte

Share

Etter kvart har det vel kome nok regn til at ein kan kalle det ei rotbløyte. Vonleg kjem voksteren seg att, sjølv om bøndene nok merker at avlinga er mindre, graset har vore tynnare enn vanleg dette året.

Slik har det i alle fall vore her i Mandal. Det fine med turkesommaren for oss har vore at den våte fidja vår vart slått utan at traktoren sette seg fast ein einaste gong. Men jordbærsesongen kom to veker for seint, minst, og bæra har vore så dyre at ein har ete dei med meir andakt enn vanleg. I år er kome ein ny type fløte til jordbæra, Lettere dessertfløte. Den har litt vaniljesmak og er ein sikker vinnar til jordbæra.

I dag var eg i Stavanger for å møte Reidun og Helge, som kom frå Bergen. Dermed skaffa eg meg ein halv time på kaien med utsikt ut Byfjorden. Å nyte kaien i Stavanger er noko eg gjerne prøver å få til om eg er på dei trakter, det er så godt å sjå på båttrafikken og havet. I år var det fleire som stod på kaien og fiska, truleg hadde dei det på same måten. Eg såg ikkje at dei fekk noko å ha oppi dei bøttene dei hadde med seg, men det var ingen tvil om at dei koste seg med fiskestengene sine.

Heimturen gjekk i til dels ausande regn. Jo lenger sør vi kom, jo meir vatn var det. Det fekk meg til å tenke tilbake til eit av dei fyrste åra eg hadde sommarjobb. Då arbeidde eg på meieriet heime på Ålgård. Eg snudde ost, store slipesteinar av nøkkelost og Norvegiaost. Ein av dei eg arbeidde saman med i ein del av ferien, hadde sin eigen ferie medan eg jobba. Då han kom tilbake, spurde eg korleis ferien hans hadde vore. -Det var ei einaste byge, heile ferien, svara han.

Eg lærte den dagen at byge ikkje bare er nedbør på mark og eng.