Knut Rygnestad si doktoravhandling

Share

Her om dagen fekk eg tilsendt Knut Rygnestad si doktoravhandling. Den heiter Dissentarspørsmålet i Noreg frå 1845 til 1891. Lovgjeving og administrativ praksis. Boka kom ut på Lutherstifelsen i 1955, det er etter kvart blitt 55 år sidan.

Føreordet skreiv han i Trondheim 1. juli 1954. Der fortel han at det var i samråd med professor Einar Molland at han tok til å granske dissentarspørsmålet i Noreg frå 1845, det året då vi fekk den fyrste dissentarlova. Så granska han lovgjeving og administrativ praksis fram til vi fekk den nye lova i 1891.

Til å gjere jobben fekk han stipend frå Fondet for Norsk Kulturgransking, Oslo Universitet og Det teologiske Menighetsfakultetet. I føreordet nemner han fleire som har gjeve god hjelp i arbeidet hans med avhandlinga. Han var stiftskapellan i Nidaros bispedømme og hadde ikkje fast bustad då han arbeidde med dette, snart var han vikar i eit prestegjeld og snart i eit anna. Men biskop Arne Fjellbu gav han eit par studiepermisjonar slik at han kunne fullføre. Og til slutt vart det ei avhandling på 390 sider totalt.

Avhandlinga er delt i to deler: Kristne dissentarar og Ikkje-kristne dissentarar. Den siste delen handlar om Jødane og dissentarlova og mormonarane og dissentarlovgjevinga. Der fann eg stoff eg ikkje hadde særleg peiling på.

Den fyrste delen av avhandlinga, Kristne dissentarar, har 13 kapittel. Det syner seg at dette spørsmålet greip inn i mange sider av samfunnet. Det skal eg kome tilbake til ein gong.