Ikkje triveleg – triveleg

Share

Å vere i butikken og få melding om at bankkortet er avvist, det er ikkje triveleg. Eg prøvde to gonger i dag, og det har hendt ein gong før. Då er det bare å setje varene att i kassa og prøve å få tak i kontantar for å løyse dei ut seinare. Når minibanken ikkje ligg vegg i vegg med butikken, vert det litt stress.

Stresset vart ikkje mindre då minibanken slukte kortet mitt og sa “Ta kontakt med din bank.” Då stod eg der, gode råd var dyre, eller for så vidt ikkje så veldig dyre når ein har ein mobiltelefon og kan ta kontakt direkte, dette var i opningstida for banken, så folk var på jobb.

I andre enden møtte eg Toril Dale, og ho har evnen til å roe ned ein noko stressa kunde. Eg kjende korleis blodtrykket vart normalt då vi begynte å snakke saman.

-Har du fleire bankkort, spurde ho.
-Nei, sa eg, -det kan eg aldri tru.
-Eg skal sjå, svara ho, -kva er kontonummeret ditt?

Og medan ho tasta inn tal på skjermen sin i Valle, tok eg til å rote i korta mine i Mandal.

-Men kva i all verda er dettte, her er det sanneleg eit kort til, sa eg i telefonen.
-Kanskje du brukte eit gammalt kort? undra Toril.
-Eg trudde eg hadde klypt det gamle kortet i småbitar sa eg.
-Kanskje du gløymde å gjere det, og så fekk du det med deg i dag?
-Du har nok rett, sa eg
-Prøv det du fann, og om det ikkje verkar, kan du ringe opp att, så skal vi sjå om vi ikkje kan hjelpe deg med å bekrefte til banken at dei kan betale ut pengar til deg om ingen annnan måte fungerer, sa Toril og så avslutta me der.

Eg slapp å ringe henne, Ut av minibanken i Mandal kom dei velsigna sedlane, og så kunne eg gå tilbake til butikken og få med meg både frukt og melk og brød og middag og kva det no var eg hadde handla.

Sa du aviser. Juli er ein månad praktisk talt utan kjøpte aviser, og det heldt eg i dag og.