Fiskemiddag og feriemodus

Share

I dag var det tid for steikt makrell. Som eg fortalde i går var det ein vellukka fisketur for barnebarn og svigerson, og vel heime att var det 37 makrellar som vart stelte til middagsprosjonar.

Til vanleg er ikkje fisk nokon favoritt for barn, om ein då ikkje tenkjer på fiskepinnar, dei kan nok aksepterast. Men sjølvfiska makrell er noko anna. Steikte og utan ryggbein låg dei på bordet i høvelege stykke – det var bare å ta for seg. Med salat vendt i rømme, poteter, gulrøtter, babymais og agurksalat – her var mykje tilbehør om hovedretten ikkje skulle falle heilt i smak. Men det var ugrunna frykt, born og vaksne tok for seg av fisken med god apetitt. Til og med Nikolai på 14 månader var med på festen.

For Håkon på åtte og Kristine på sju har ferien hos mormor og morfar vore allsidig. Dei fleste dagane har dei bada, anten i Sørlandsbadet, på Sjøsanden eller helst ei av strendene nær Sjøsanden, Banken eller Kanelstranda. Men dei har og vore i bassenget på Tregde feriesenter. I utgangspunktet skulle dei bare få is i dagar med R, men eg trur nok det har blitt is i dagar med G, det vil seie praktisk talt kvar dag. Eit par turar til Dyreparken har det og blitt, men for det meste har dei vore her i nærleiken, ein treng ikkje dra rundt på leiting etter attraksjonar når det er fugleliv og dyreliv rett utanfor dørene.

For å vere på den sikre sida har Kristine hatt med seg ei bok i Harry Potter-serien. Målet hennar var å lese ut boka i ferien, og det trur eg ho klarar. Så vi diskuterer problema som Harry møter når det høver seg slik. Då eg i dag lurte på om ho var Hermine Grang, fekk eg vite at Hermine var i koma i mysterieavdelinga i Magidepartementet. Fleire av dei andre jentene i boka var og det, så det var nok noko kritisk akkurat no. Difor var det heller ikkje så lett å legge boka frå seg i sommar.