Tomt hus

Share

Sommarferien er på hell, det merka vi godt i dag då barnebarna hoppa i bilen for å dra austover. No skulle dei besøke tante Margunn og onkel Stein på Sandøya i Brevik. Eg hadde ein liten prat med dei for å høyre litt om kva dei hadde fått ut av ferien.

Håkon har vore på fisketur og fått makrell både på stang og på snøre. Det var vanskeleg å få makrellen til å hange på stanga, med snøret kunne ein få seks på same snøret. Til saman fekk dei 37 makrellar, og steikt makrell er god middag, særleg når ein har fiska den sjølv.

Fuglelivet i Harkmarksfjorden har vore interessant å studere, det var og artig å lure Kristine ut i søyledammen på friområdet der. Og så har det vore interessant å sjå Tour de France og endå meir interessant med alle kanalane med fotballkampar som morfar har.

Kristine rakk akkurat å lese ut Harry Potter 5, den var på mest 800 sider. Når ein er sju år, vil nok morfar meine at det er ein prestasjon. Etter det er forstår er Hermine Grang kome ut av koma og gåta i mysteriekammeret er visst løyst på akseptabel måte. Kristine avslutta med dei siste sidene i dag tidleg, men etter reglane får ho visst ikkje lov til å begynne på neste bok før om tre år. Turen austover skulle brukast til å sjå ein film om Harry Potter, det var visst nr. 3.

Nikolai på 14 månader har nesten slept taket og starta å gå, men det beste er å ha noko å halde i, så ei hand eller ein bordkant er absolutt god å ha. Og eigentleg hadde han nok likt å ha med katten Pinky heim, når katten ligg og veiftar med halen, er det nesten uråd å late vere å ta i den.

Så sit to besteforeldre att med gode sommarminne om barnebarn som fekk ha tre gode veker på Sørlandet i år og. Det er ein god måte å lade batteria på før eit nytt skuleår startar.