Første bilde på fugler.net

Share

Fuglar har vore Håkon si store interesse i mange år. Difor har det vore interessant å kome på besøk til morfar, som har ei kattugle på låven og svalereir under pannene på taket. Over Øygardsfjellet flyg det jamnt og trutt ein musvåk og av og til er det store flokkar av måkar å sjå over heia. Så får det våge seg at katten Pinky tek ein og annan av dei som ikkje kjem seg unna i tide. Ein får kose med han som best ein kan. Det meiner lillebror Nikolai og, og Pinky let han til og med dra seg i halen utan å klore.

Så drog dei, og laurdagskvelden var huset tomt og eg kan bare sitje her og tenke tilbake på gode sommaropplevingar. Vi hadde dei ved datamaskinen og, eg synte åtteåringen vegen til fuglebileta på wikipedia, og der var det jo så mange at ein kunne verte noko overfora. Dermed gjekk turen tilbake til biletlista på fugler.net

Men litt ut på sundagen kom det eit brev. Håkon var på besøk hos tante Margunn og ho hadde hjelpt han til å lage epostkonto, slik at han kunne skrive epost til morfar. Og fyrste eposten var ikkje noko knussel,

Det var ikkje bare ein slik “Hallo morfar, eg har fått epost”, som det ville vore lett å sende. Nei, han hadde noko å fortelje og. Laurdag hadde han vore ute og fått eit bilete av ein ærfugl i sjøen utanfor Sandøya ved Brevik. Her kan du sjå det:
http://fugler.net/fn.asp?nowpage=bilder&MODE=DETALJ&utnr=0&BildeID=15091

Å fotografere fuglar er ikkje lett, så eg synest han har fått til eit bra bilete av denne ærfugl-hoa. Du kan lese meir om ærfuglar på wikipedia:
http://no.wikipedia.org/wiki/%C3%86rfugl