Fisketur og meir til

Share

Eg trur ferien syng på siste verset for fleire av oss no etter kvart. I det eg skriv dette, kjem eg på at ein av feriejobbane mine må gjerast ferdig no snart, men det får vente, i alle fall til eg er ferdig med denne bloggen. Då er det truleg blitt leggetid, så vi får nok heller sjå kva morgondagen kan bringe av lyriske formuleringar.

Gårsdagen førte til at eg vart sitert i Bergens Tidende i dag som pressetalsmann på Wikipedia. http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Uthengt-som-juksemaker-1123778.html Det skuldast saka om kappgangaren Erik Tysse. I går var det pressekonferanse i samband med ei dopingsak, noko som førte til at artikkelen om han vart utsett for vandalisme – særleg var det artikkelen på nynorsk wikipedia som fekk gjennomgå. Dette vart fanga opp av Bergens Tidende, noko som igjen førte til at eg sende dei ei melding om korleis vi kjempar mot vandalisme på wikipedia, noko journalisten i Bergens Tidende var glad for. Du må sjå i historikken på denne artikkelen for å finne vandalismen. http://nn.wikipedia.org/wiki/Erik_Tysse

Ettersom det går mot slutten av ferien, drog Helge vidare i dag. Som Oslo-buar treng han ikkje bil med unntak av når han skal besøke oss, så han har skrota bilen sin og fått vrakpanten. Eg fekk han på bussen austover, snart ventar arbeidsplassen i Tigerstaden på han.

Då vi fekk oss middag i dag, kom naboen og inviterte på fisketur. Eg takka nei denne gongen, men svigerson og barnebarn drog med, og i åttetida i kveld kom dei heim att. Fyrst ut av bilen var Kristine, ho kom i full fart inn:

-Vi fekk to makrellar.
-Bare to, sa Reidun
-To makrellar
-Eg må gå og sjå.
-Eg bare tulla, vi fekk over tretti.

Då måtte Reidun i alle fall gå og sjå, og det stemte, bøtta var full av fin pir. Eg trur pus fekk eit lite festmåltid, sjølv om han hadde fanga seg ei mus tidlegare i dag. Og i morgon er det nok duka for eit festmåltid på sjølvfiska makrell for barnebarn så vel som resten av familien.

-Ein gong fekk vi seks fiskar på ein gong, kunne den stolte fiskaren fortelje.
-Men vi fekk ingen torsk, bare makrell, alt saman.

Sommar på Sørlandet er mangfoldig med alle sine opplevingar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *