Nabofest

Share

I går kom eg meg ikkje til å skrive på bloggen, for eg var på nabofest. Naboane i grenda vår pleier å samlast ein gong kvar sommar for å prate saman og spise saman, Det går på omgang mellom oss, vi har til vanleg vore seks-sju par. Men dei siste par åra har folk flytta hit, så no er vi komne opp i 20 personar, og stort meir enn det kan ein ikkje vere om ein skal vere inne. Problemet er at ein kan aldri gardere seg i høve til veret, så ein må planlegge for både ute og inne.

I går hadde vertskapet gjort eit lukkeleg trekk, dei har over tid teke i bruk møkkakjellaren i eit gamalt fjøs som hagestove, det høver lagleg i tunet. All gammal møkk er sjølvsagt fjerna, golvet har fått pukk og plankar oppå pukken slik at bord og stolar står stabilt, men ikkje tettare enn at om ein søler drikke, så renn det ned i grusen.

Her satsa dei på grillmat, indrefilet grilla på gassgrill er ikkje å forakte, paprika/gulrot/løk-salat (varm) bare må smake godt, og steikt sopp er heller ikkje dumt. Saman med fløtegratinerte poteter smakte det herleg. Dei første minutta av måltidet var det heilt stille rundt bordet, alle ville nyte den gode maten. Men utover kvelden steig stemningen monaleg, og vertskapet hadde gjort eitt eller anna som heldt myggen unna, så det vart ein herleg kveld. Praten gjekk lystig rundt bordet, kjente friska opp aktuell kunnskap, og ukjente leita seg fram til aktuell kunnskap der ein kunne ha noko felles. Eldstemann i laget hadde passert 75, dei yngste var enno mellom 20 og 30, så spennet var stort, men det såg ikkje ut til å gjere så mykje.

Alt før verten ønskte velkommen, var praten så livleg at han knapt kom til orde, sidan skjøna folk at glassa ikkje bare var til å drikke av, om ein slo på dei når ein skulle tale, vart det høveleg stille rundt bordet. Halv åtte til halv to var vår festkveld, dei yngste heldt truleg ut endå lenger, eg trur dei hadde lånt bort borna for helga slik at laurdagsmorgonen ikkje vart så brutal som han elles kunne vore.

Slike kveldar er trivelege og nyttige.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *