Ny harddisk

Share

Eg har ikkje vore utsett for harddisk-krasj, som mange snakkar om. Men harddisken i datamaskinen min vart etter kvart for liten. Etter kvart som Ubuntu-versjonane vart oppgraderte, tok dei meir plass. Andre grunnar til at det vart for lite plass, kunne vere bilete, som jo gjerne tek mange KB. Dermed måtte eg skaffe meg meir lagringsplass, og då Helge kom heim på ferie, var tida inne.

No synte det seg at det ikkje var så lett, for den nye harddisken trong jo å få overført alt det eg ville ha med meg frå den gamle. Ikkje veit eg korleis han fekk det til, men no funkar dete, og plutseleg har eg fått det romsleg att.

No er det og slik at mykje meir enn før vert lagra utanom maskinen min. Eg nyttar gmail for eposten min, og då vert eposten lagra på ein server hos google og treng ikkje lastast ned til min maskin. Det er jo ein fordel, for då kan eg finne det eg har fått i eposten min, same kvar for ein maskin eg nyttar. Slik har Internett gjeve oss nye måtar å arbeide på. Dei over 2100 innlegga mine på bloggen ligg visst på ein server i Tyskland. Mange legg og bileta sine eksternt, så risikerer ein ikkje at dei forsvinn om harddisken krasjar.

Ettersom det ikkje var så lett å få alt på plass, med operativsystem og anna som skulle vere på den nye harddisken, tok det lenger tid enn tenkt å få det heile til å fungere. Difor kom det ikkje noko på bloggen i går, sundag. Eg har ein reservemaskin, men kom meg ikkje til å skrive på bloggen frå den. Men sundag morgon sette eg på ei korplate av Schola Cantorum Kristiansand, og det inspirerte meg til å skrive om Margrethe Erikstad på wikipedia. Den artikkelen kan du lese her: http://no.wikipedia.org/wiki/Margrethe_Erikstad

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *