Olsok i Oddernes kirke

Share

Hellig OIav stod ved fjorden med sin hær
pinse-festen var for hånden;
alskens løv og blomster artede sig der
fagert under Folge-fonden.
Kongens drage lå og speiled sig ved strand,
bispen stod med korset på den hvide sand,
kongens kæmpe-rad
lå pa knæ og bad,
og der gik dem lyn i ånden.

Welhavens dikt om Olav den hellige er nok noko av inspirasjonen for Gottfred Pedersen (1911-1941) sitt kjente orgelverk Improvisata over Hellig Olav. I går på Olsok var det jo naturleg for Ian Richards å avslutte konserten i Oddernes kirke i Kristiansand med dette stykket, som og vart avslutninga på orgelkonsertserien Orgelsommer i Kristiansand 2010. Eg hadde nok hatt høve til å vore inne på konsertane, som gjekk tysdag og torsdag klokka 20:00 tidlgare i sommar, men det hadde det ikkje blitt noko av. I går manna eg meg opp og tok turen til Oddernes – der fekk eg ei stor oppleving.

Det var etter at Oddernes kyrkje fekk nytt orgel i 1994 at denne serien starta. Ian Richards har vore primus motor for serien, han har spelt dei fleste konsertane sjølv, i sommar ikkje mindre enn seks av dei åtte konsertane i serien, som går i juli månad.

Den fyrste gledlege overraskinga var at det var langt fleire på konserten enn det har vore på dei arrangementa eg har vore på før om åra.

Det andre var forma som Ian hadde funne i måten han presenterer konserten på. Vi fekk utlevert program for kvelden, tidlegare i serien kosta eit programhefte 20 kroner, men det var gratis entre. Men for dei to siste konsertane hadde ein laga eige programhefte. I tillegg helsa Ian oss velkomne og fortalde litt om programmet. Så tok han mikrofonen med seg på galleriet, og derifrå kommenterte han programmet også utover i konserten. Det minna meg litt om korleis folkemusikkutøvarar presenterer lydarslåttar, sjølv om dei morosame anekdotene mangla. Kjem dei på plass vil kanskje talet på publikum auke frå 60 til 200.

Så var det programmet. Det var variert med kjent og ukjent stoff. Når ein veit at Ian spelar alt utan noter, kan ein ikkje bli anna enn imponert. Han fortente både takken og blomen han fekk frå leiaren i soknerådet i Oddernes for innsatsen. Her er programmet:

Bach: Toccata, adagio og fuge i C, BWV 564
Samuel Wesley: Air and Gavotte
Samuel Sebastian Wesley: Andante i e-moll
Johannes Brahms: Tre orgelkoraler –
Nr. 9: Herzlich tut mich verlangen (Velt alle dine veie)
Nr. 10: Same koral, med melodi i ein understemme
Nr. 11: O, Welt, ich muss dich lassen (Nu lukker seg mitt øye)
Flemming Chr. Hansen: Interlude – to the memory of David Sanger (1947-2010)
Jehan Alain: Litanies og Postlude sur l’office-de-complies
Mons Leidvin Takle: Toccata (2010)
Felix Mendelssohn: Allegro og koral i d-moll/D-dur
Gottfred Pedersen: Improvisata over Hellig Olav

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *