Sjusovardagen

Share

I går var det sjusovardagen. Dagen var til minne om sju unge menn som etter legenden gøymde seg i ei grotte under kristenforfylgingane på 200-talet og som vakna til live att etter to hundre år. Du kan lese meir om det her http://no.wikipedia.org/wiki/Syvsoverdagen

Dagen vart litt spesiell for meg, for straumen gjekk mellom fem og halv seks, og då vakna eg. Altså var eg ingen sjusovar i vår forståing av ordet. Eg tenkte at eg kunne sjå om nokre av naboane hadde straum, men etter det eg kunne finne ut, var det ingen lampar som var tende. Det varte og rakk og vi fekk ikkje att straumen, og då tek ein til å lure på om det er noko gale med det elektriske anlegget, og ettersom alle radioane våre går på straum, ikkje batteri, kunne eg ikkje få noko nytt frå Sørlandssendinga heller.

Men så tenkte eg at bilradioen ville jo fungere, og dermed gjekk eg ut for å høyre om det var noko i NRK P1, som starta klokka seks med Dagsnytt og Morgenradio frå Sørlandet. Men Knut Knutsen Eikeland hadde ikkje noko nytt å melde. Imidlertid kom det ein Otera-bil forbi då eg sat i min bil og høyrde nyhetene, og dermed tenkte eg at eg kunne fylgje etter den, kanskje han skulle fikse noko. Han snudde litt borti vegen, og eg snudde litt lenger borte for å følgje etter han, men på den korte stunda forsvann han, og sjølv om eg sette opp farten på veg til Mandal, såg eg ikkje meir til han. Etter kvart kom eg til folk som hadde lys ute, så eg skjøna at det var noko i nærområdet vårt som var galt, og så snudde eg.

I alt dette møtte eg avisbudet, og dermed fekk eg ferske aviser på morgonkvisten, så eg tenkte at eg kunne jo lese dei og sjå om straumen kom att. Det gjorde han til slutt, då hadde kona fått SMS fra Agder Energi om at dei hadde problem i vårt område, det visste vi jo for så vidt, så den meldinga var jo ikkje så veldig viktig, det som hadde vore viktig, var vel heller stipulert tid for når vi kunne få straumen att. Eg trur klokka vart nærare halv åtte før fryseboks og kjøleskap starta, og så måtte vi ta ein runde og fikse andre el-baserte dingsar etter kvart.

-Eg trur eg legg meg att, sa eg til kona då eg hadde lese avisene og straumen var vel komen attende. Ho hadde fri og eg hadde fri, og snart så dorma eg av att.

Halv elleve kom ho inn og lurte på om eg visste kva dag det var. Ho var svolten og meinte at når vi begge hadde fri, var det jo kanskje naturleg å ete frokost saman.

Så Agder Energi gjorde meg til sjusovar denne dagen.

Eg ville jo fortalt om dette i går, men då hadde bloggen sin skrivefunksjon gått “Temporarily out of service”, så det enda opp med at du fekk historia i kveld i staden. For no verkar det som om blogg-tenesta eg nyttar, igjen fungerer slik ho skal.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *