Pjusk

Share

Alt sundag kjende eg at eg ikkje var som eg skulle vere. Reidun var med meg til Valle, me kom opp i halv ti-tida, men eg orka ikkje skrive noko på bloggen. I staden vart det ein tidleg kveld. Ho besøkte Husfliden og leverte nokre setesdalskofter om føremiddagen medan eg hadde skule, så sov eg middag før me reiste til Rysstad og åt på Sylvgarden, ho hadde ikkje vore der før. Sidan stoppa me på biblioteket og helste på Lisbeth og Gunnar før ho tok bussen til Kristiansand. Eg reiste heim, skreiv litt på setesdalswiki og bloggen før eg gjekk og la meg, klokka var bare halv ti måndagskvelden og.

Tysdagen klaga eg til Øystein over at eg var pjusk, og han sa at han og kona hadde vore pjuskne i helga, så det var nok noko som gjekk. Eg gjekk heim og sov då skulen var slutt, frå 13 til 17. Då kjende eg meg betre og gjekk ein tur på butikken og på skulen for å skrive litt på setesdalswiki.

Då eg var på biblioteket på Rysstad i går, kom Harald Knutsen på Agder Folkemusikkarkiv innom. Eg kom til å spørje han om det er nokon nettstad med informasjon om dei ulike slåttane. Han kunne ikkje peike på det, den informasjonen finn ein på platecover og i bøker, sa han og fortalde at det er om lag 150 setesdalsslåttar pluss ulike variantar av desse.

Då tenkte eg at eg kunne jo starte, så eg lånte nokre plater med folkemusikk frå Setesdal og skreiv inn den fyrste, Slinkombas på Setesdalswiki. http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Slinkombas Frå denne er det lenke til Klunkaren, som eg skreiv no i kveld og som vart fyrste artikkelen om setesdalsslåttar. http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Klunkaren Med tida kan det kome fleire artiklar om slåttar.

Men eg kjenner at forma ikkje er som ho pleier, så eg trur nok eg vil tusle til sengs tidleg i kveld også.

Det er so mange endringar i bygdom komne til

Share

Slik skreiv Ivar Aasen det i songen Dei gamle fjell i syningom. Sjølv om ein ikkje har vore så lenge borte frå Setesdal, ser ein endringar når ein køyrer oppover. Eg som kom frå Mandal i går kveld, legg mest merke til vegen. I sommar er det lagt ein god del asfalt, noko som gjer at turen går lettare. Det startar i Songdalen, der det er kome sykkelsti frå Brennåsen til Nodeland, og frå Stokkeland mot Vehustoppen er det lagt eit nytt lag med asfalt, noko som verkeleg trongst.

Så kjem ein over på Riksveg 9, og der har det vore mykje arbeid frå Homstean til Skarpengland. Dei er ikkje heilt ferdige enno, men det vert bra med sykkelsti og utbetra veg der og. Så kjem ein til Reiersdal, der var det djupe spor, dei er borte etter asfalteringa i sommar. Brua før Evje er endeleg ferdig, det var ein stor jobb, men no er det kome asfalt der og, det er lettare å køyre no enn før. Så har det blitt 50 km ved HydroTexaco på Evje og to fartsdumpar for å passe på at vi held oss innanfor. Det er ganske lagleg å stoppe der og får fylt opp kaffekoppen no når farten er blitt så liten. Eg såg i Setesdølen at Dreng Homme ville ha undergang frå Langelands Expertbutikk og under vegen, slik at interntrafikken på Evje ikkje trong køyre på Riksveg 9. Eg har stor sans for det synspunktet, eg har meint noko av det same i Mandal, der all trafikk, lokaltrafikk så vel som annan trafikk, må gjennom Hollekleiva aust for byen. Det ville vore mykje meir fornuftig å ha alternativ for lokaltrafikken.

Nord for Evje har det og blitt asfaltert. Særleg gjeld det mellom Lauvdal og Bygland, ja eit stykke forbi Bygland, til og med. Så kjem vi til vegarbeidssona mellom Tveit og Granheim. Der er det raudt lys, ein står ganske lenge der og ventar, men den som ventar på noko godt, ventar gjerne. Og godt vert det når den strekninga vert ferdig. Dei har og asfaltert mellom Sandnes og Kveste, der var vegen ganske nedsliten.

I dag skulle eg ein tur til Rysstad, og då vart eg ståande ved krysset ved Valle vidaregåande skule, for dei malte gul midtstripe frå krysset med Hallandsfossen og nordover. Ganske mange bilar samla seg der i løpet av dei minutta det stod på. Reidun var med meg, ho hadde ikkje vore på Sylvgarden, så vi gjekk der og fekk oss middag. Ho oppdaga husa bak biblioteket på Rysstad, dei var nye, og fleire andre hus har blitt fiksa og ordna. Så det skjer litt i bygdene våre.

Kort og klassisk

Share

Då eg køyrde nedover Setesdal fredag, kom eg til å høyre på Kort og klassisk i P2. Det er eit program som startar etter Dagsnytt klokka 13 og går ein halv time. Eg er ingen fast lyttar, men det hender at eg får det med meg. For ein orgelentusiast var det ekstra interessant denne dagen, for programleiaren hadde fått med seg organist og masterstudent Øystein Skullerud. Han skulle ha eksamenskonsert fredagskvelden og spele verk av både Bach, Muffat, Eben og Lindberg i Fagerborg kirke. Det var eit interessant portrett, og vi fekk og høyre smakebitar av det han skulle spele.

Eg vart helst overraska, for orgelmusikk og organistar står ikkje høgt i kurs på Marienlyst lenger. Niklos, som fører statistikk over orgelmusikk i NRK, kan fortelje om ein tendens som går sterkt nedover. Han er helst litt irritert, til og med i gudstenesta får ein ikkje lenger høyre orgelmusikk. No har dei til og med dansemusikkgudsteneste, seier han. Men denne fredagen var mest halve programmet vigd til orgelmusikk og ein prat med organisten. På spørsmålet om kvifor han utdanna seg til organist, svara han at han opplevde eit kall til å tene Gud i musikken. Så det var altså ikkje bare for å skaffe seg eit levebrød. Eg trur helst programleiaren var noko forundra.

Programmet hans på konserten var slik:
Program

Peter Eben (1929 – 2007):
Fire bibelske danser for orgel
– 1: David danser foran paktens ark

Georg Muffat (1653 – 1704):
Apparatus musico-organisticus: Toccata Ottava

J S Bach (1685 – 1750):
Kommst du nun, Jesu vom Himmel herunter, BWV 650

J S Bach:
Preludium og fuge i C-dur, BWV 547

Oskar Lindberg (1887 – 1955):
Sonate i g-moll:
– 1: Marcia elegiaca
– 2: Adagio
– 3: Alla Sarabanda
– 4: Allegro con brio

-Frå barokken til vår tid, kunne ein seie, sa programleiaren. -Kvifor så spreidd?
-Når ein skal spele ein heil time, vert det kjedelig om ein spelar musikk som er lik i uttrykket, meinte Øystein Skullerud, som og la til at når ein spelar slik til ein eksamen, er det for å syne at ein kjenner eit variert orgelrepertoar. Stykket av Bach som han spela, var brukt som bryllupsmusikk då han gifta seg for to år sidan, så no gledde han seg over å kunne spele det sjølv.

Om noko av dette kjem i Postludium når vi startar opp att, det får du vite når du høyrer på Valle Radio. Om vel ei veke startar sendingane våre opp att.

Om å ikkje strekke til og litt til

Share

Ein kan ikkje klare alt åleine, difor er det godt å kunne arbeide i eit fellesskap med andre. Men av og til strekk heller ikkje det til. Eit eksempel på det har me truleg denne helga. Det var eit ønske at Valle Radio kunne ha folk til stades både på Rock i Brokke laurdag og på opninga av den nye Setesdal folkehøgskule sundag. Men det ser ikkje ut til at det var råd å få folk til å stille opp på desse arrangementa. Folk er på farten og hadde for lang tid sidan lagt planar for helga, så det verkar som om ingen av programleiarane kunne få med seg desse arrangementa.

Men no nærmar det seg oppstart av sendingane. September er rett rundt svingen, ein kjenner det på temperaturen også, sjølv om det har vore nokre milde dagar. Men det er tid for å hauste inn, snart kan ein vel ha temperaturar ned mot 0 grader om nettene.

Sjølv tok eg turen til Mandal som vanleg i dag, men eg stoppa på Bygland for å ha ein prat med redaktøren av Setesdølen, Sigurd Haugsgjerd. Eg har kome på å skrive om stoffet i Setesdølen på Setesdalswiki, og eg ville gjerne diskutere det med han og høyre om han hadde noko mot at eg lagar ei innhaldsliste over stoffet som står i avisa. Du kan sjå eit eksempel på det her: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Setesd%C3%B8len_nr._70,_2010

Vi sat og prata om dette og eg fekk grønt lys for å prøve litt på noko slikt. Eg strekk nok ikkje til til å skrive alt dette aleine, men det er jo eit utgangspunkt. Kan hende kjem det fleire med på laget om ein klarar å få til ei slik konkret oppgåve å skrive om.

Etter ein lang og interessant prat på redaktørens kontor, gjekk eg ut for å køyre vidare. Då såg eg at døra til båtustyrsbutikken.no var open. Eg var saman med Camilla Høibraathen på Setesdalskonferansen 2010, og ho melde seg på for å skrive på Setesdalswiki like etterpå, men så kom det ikkje meir. Difor tenkte eg at eg kunne gå innom til henne og høyre om kva som var problemet. Vi fekk ein triveleg samtale der eg kunne syne henne litt meir om korleis ein wiki verkar, og i kveld har ho skrive både om seg sjølv og om butikken sin på setesdalswiki. Du finn ei lenke her som du kan gå vidare frå om du vil lese om Camnilla og butikken : http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Camilla_H%C3%B8ibraathen

Når fleire jobbar saman, kan dei få til meir enn når ein jobbar åleine.

Nynorsk i kyrkja

Share

I dag kom eg til å sjå på nettsidene til kirken.no. Otredal prosti er skrive på bokmål, sjølv om eit fleirtal av kyrkjelydane som ikkje er nøytrale i målform, er nynorskspråklege. Når ein så kjem til Valle og Hylestad kyrkjelyd, så er den omtalt på bokmål som Valle og Hylestad kirkelige fellesråd. Der heiter det: “Valle og Hylestad kirkelige fellesråd har følgende menigheter.”
Sjå http://www.kirken.no/?event=showCouncils&pFellesId=f0940 sjølv om du vil.

Eg har fått kritikk for at setesdalswiki har artiklar på bokmål, det toler eg, for nettstaden er open for artiklar på begge målføre. Men eg hadde tenkt at når kyrkjelyden i Valle og Hylestad er nynorsk, så bør nettstaden kirken.no spegle det. Det gjer dei ikkje. Når så ein skribent på lokalhistoriewiki tek seg tid til å skrive om Valle og Hylestad kirkelige fellesråd, fordi det står slik på nettsidene til kirken.no, ser ein korleis det kan verte.
http://www.lokalhistoriewiki.no/index.php/Valle_og_Hylestad_kirkelige_fellesr%C3%A5d

Etter å ha oppdaga det, vart tankane mine ikkje heilt snille, for eg kom til å hugse på diskusjonen som gjekk for nokre år sidan der Agder Bispedømmekontor helst ville skrive bokmål til alle, uavhengig av kva målform det lokale fellesrådet nytta. Dei fekk jo eit rimeleg kontant svar og påbod om å skrive nynorsk, slik mållova krev det. At nettstaden kirken.no lid under same sjukdomen, er skuffande og irriterande. Om du som les bloggen har noko å forklare i høve dette, vil eg vere interessert i å få vite meir. Du kan sende ein epost til harhaugl (krøllalfa) gmail punktum com, så skal eg prøve å følgje opp denne saka på bloggen seinare.

Vérsjuk

Share

Nokre vert vérsjuke når skodda heng nedover fjellsidene, andre seier: Sjå så vakkert. Så tek dei fram fotoapparatet og knipsar i veg og får dei finaste og mest dramatiske bilete ein kan ønske seg.

Eg er ikkje av dei. Når det regnar og blæs, lengtar eg mot lettare vér, livet er trivelegare når det er lyst i véret, sjølv om ein ikkje har utearbeid. Då er det godt å kunne gå på yr.no og sjå kva slags ver vi skal få.

Halfdan Sivertsen har skrive ei vise han kalla Værsjuk, og véret i Bodø er ikkje til å spøke med, så han klagar kraftig:

Og æ trygle og æ ber på egne vegne
Legg et væromslag rundt ei såra sjel
http://www.lyricsty.com/lyrics/h/halvdan_sivertsen/#share

Men det er lite i høve til den situasjonen det har vore i Pakistan den siste månaden. Vi har sett glimt i nyhetssendingane på TV, det har vore innslag som har synt noko av fortvilinga i landet.

Sjølv tenkte eg at ettersom Pakistan er mykje i media no, kunne det vi kallar «Wikipedia:Ukens konkurranse» handle om Pakistan. Så måndag laga eg den sida vi brukar ha for slike tevlingar. Du kan sjå henne her: http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Ukens_konkurranse/Ukens_konkurranse_2010-34

Så tenkte eg at eg får gå føre med eit godt eksempel og skrive ein artikkel, og det gjorde eg. Den handla om elva Swat, som dalen der flaumen starta er kalla opp etter. Artikkelen finn du her: http://no.wikipedia.org/wiki/Swat_(elv) Du kan sjå kor elva ligg, langt nord i Pakistan. Eg fann og eit bilete av elva under normale tilhøve og eitt som var teke i august 2010, som syner korleis flaumen har teke med seg ei bru.

Då eg hadde skrive den artikkelen, vart det ein del raude lenker, det betyr at det ikkje er artikkel om dei emna, så eg tenkte at eg fekk skrive om ei av dei raude lenkene. Då valde eg å skrive om Kalamdalen, som før vart omtala som Pakistans Sveits, for der kunne folk reise på ferie for å stå på ski, det ligg 2000 meter over havet. Artikkelen, som du kan lese her, http://no.wikipedia.org/wiki/Kalamdalen har vakre bilete av ein skogkledd dal med 6000 meter høge fjell i bakgrunnen. Ingen grunn til å verte vérsjuk av noko slikt, seier du kanskje.

Men eg kom til å lese noko som ein skreiv om å køyre bil opp der. Ingen vegar har fast dekke, og det er stor grunn til å tru at bilen ikkje toler det om du prøver å køyre opp dit, til tross for at det før Taliban tok makta i dalen, hadde 160 store og hotell. Ingen norsk skogsbilveg har så dårleg standard.

Men om du klikker på lenka nederst i artikkelen, den som heiter «Film fra august 2010 som viser flommen i Kalam», får du sjå noko som kan gjere kven som helst vérsjuk. Elva går flaumstri inntil kjellaren på eit hus med tre etasjar, grev seg under det, og på filmen, som tek mindre enn eitt minutt kan du sjå korleis huset fell i elva og forsvinn.

Då kan ein takke for både tunge skyer og vind i Valle. Så får ein be om at folka i Kalamdalen kan få hjelp.

Preludium

Share

Preludium er førespel, i kyrkja er det eit musikkstykke ein spelar før gudstenesta startar. I dag opplevde eg det då eg tok turen ut til Besteland og besøkte Niklos. Etter ein god kopp kaffe og ein hyggeleg prat, bar det på loftet. Han ville gje meg smakebitar av musikk han hadde fått tak i i løpet av sommaren, og det er ingen tvil om at vi har mykje godt i vente til programmet Postludium startar fyrste tysdagen i september.

Eg kan ikkje gje att titlar og namn, min klisterhjerne er ikkje laga for slikt. Men opplevinga av å høyre toccata, fuge og koralførespel, den var stor, anten det kom frå Christopher Herrick som hadde lånt orgelet i Västerås til ei ny plate i serien Organ Fireworks eller det kom frå andre emninente organistar. Han hadde og funne nokre fine bruremarsjar han kunne spele for meg, han veit at eg likar den forma. Og så var det korsang og solosang frå Sverige, heilt nydeleg, vi sat på loftet både lenge og vel og snakka om sesongen som kjem.

Sjølv har eg tenkt å prøve å få skrive litt meir frå programma i Valle Radio på setesdalswiki. Om du er innom der, vil du sjå at eg har prøvd å starte litt med å skrive om aktivitetar som skjer på ulike dagar. Ettersom det er wiki, kan alle skrive inn sine ting der. Om vi får det til, vil det og bli eit historisk oversyn over kultur og aktivitetar i Setesdal, sortert på datoar. Eg ser jo at eg har vore mykje opphengt i det som eg har teke med meg frå wikipedia, men truleg bør nok Setesdalswiki og finne si eiga form: Næringsliv og kultur og anna som kan vere relatert til Setesdal. Dermed vil det kunne vere aktuelt å skrive om folk som kjem frå andre stader og, til dømes om dei har blitt omtalt i Valle Radio.

Det vert ein stor jobb å få til det, men kan hende det er mogleg likevel. Då hadde vi trengt fleire som skriv på Setesdalswiki, og eg vonar det skal lukkast i haust.

18 prestar på to år

Share

Eg beit meg merke i den formuleringa som er overskrift. Det var Helene Horverak som skreiv det i artikkelen -No må me sjå framover i Setesdølen fredag 20. august 2010.

Alle har i den tida vi har hatt prestesaka i Valle spurt korleis det går med kyrkjelyden. Sjølv har eg ikkje vore nært involvert i kyrkja i denne perioden, ettersom eg reiser til Mandal kvar helg. Men at kyrkjelyden har hatt 18 prestar på to år, det gav meg grunn til å verte overraska. Den faste presten er ein sentral medspelar i det kyrkjelege arbeidet, og når han vert borte, lid heile kyrkjelyden. Ein veit ikkje kven som skal halde gudsteneste sundagane, kven som skal døype borna eller gravleggje når det trengst. Gudstenestebesøket har gått ned i denne tida, det kan ein jo godt skjøne.

Ein prest vil nok av og til få anonyme brev, andre gonger kan det kome brev som er underteikna. Folk har spørsmål eller vil markere at dei ikkje er enige med presten. I retten sa Theis at han ikkje trudde det var dei same som skreiv brev til Skare som hadde skrive brev til han, for dei som hadde signert breva sine, er døde for mange år sidan, sa Theis og fekk fram ei viss humring i retten, skriv Helene Horverak i artikkelen.

No kjem det ein fast prest frå 15. september. Det er Terje Seilskjær http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Terje_Seilskj%C3%A6r Han er fødd i 1955 og har hatt oppgåver fleire stader i kyrkje og i kommunal samanheng i Søgne, der han bur. Vi gleder oss til at han skal kome til Valle og at ein skal få ein normal situasjon med ein fast prest i bygda og lys i prestegarden, sjølv om han skal pendle til Søgne, der kona vert buande.

Meir takk

Share

Onsdag i sist veke var det bursdag, og det rann inn med gratulasjonshelsingar i innboksen min så eg vart heilt overvelda. Men på skulen var det ingen som visste noko, så eg tenkte at det skulle gå av seg ganske så stille. Ein kjem ikkje på jobb og ropar: «I dag har eg bursdag» når ein er passert dei seksti.

Men torsdag kom Kannika på skulen, og ho er ven med meg på Facebook, og då kom det gratulasjonar i store dosar der og. Dei var så store at eg fann ut at det ville vere naturleg med is til pausen, og dermed gjekk turen til Joker, der eg fann runde vannbakkels med krem inni, dei tinar på no time. På Valle Handel var det hesteskoiskake, og ettersom vi er mange på skulen no, tok eg med to derifrå. Dertil kom ein pose med chips, sour cream and onion er min favoritt i den hylla.

Det vart ein triveleg fest i matromet. Folk kosa seg og snakka norsk og eg fekk bursdagssang og det heile. Og etter festen rydda dei opp, så eg slapp den jobben, og det likte eg svært så godt, og snart var det tilbake til klasseromet, der vi sist veke jobba med Agders geografi. Det er etter kvart litt viktig for elevane å vite kor dei er i Noreg i høve til andre stader. Det finst burmesarar mange stader i Agder, og det er greitt å vite kvar dei er i høve til kvarandre.

Stor var overraskinga då eg kom inn i klassen. Medan eg var i butikken og handla is, hadde elevane vore på Valle blomar og gåver og funne rose, orkindear og andre blomar eg ikkje veit namnet på, ja til og med ei lommelykt. Dei stod som ein kinesisk mur mellom meg og klassen, eg kunne ikkje anna enn å takke og gje dei glade gjevarane ein klem. Så flytta vi gåvene til vinduet og starta undervisninga att.

Fredag hjelpte dei meg med å få blomane i bilen, no pyntar dei i stova heime. Det er bare plastblomar som overlever hos meg i Valle. Endå ein gong, takk for all merksemd.

Ny teknikar i haust

Share

I kveld kom lista med oppsett for Valle Radio hausten 2010. Det kjem til å gå i vanleg ordning, men vi får med oss Liv Gunn Viki som teknikar i haust. Liv Gunn var fyrste gong i radio i vår då ho fortalde om Postkassetrimmen, og då vart ho sitjande att og prate etter sendinga. Då fekk ho utfordringa om å verte med som teknikar, og som den sporty jenta ho er, sa ho ja til det. Ho skal få med seg ein med-teknikar i haust, så ho skal verte trygg på korleis alt fungerer i teknikken.

I den sendinga fortalde ho at ho hadde vore på alle postane i Postkassetrimmen eitt år, men ikkje meir enn det eine året. Korleis det går med Postkassetrimmen i år, er ikkje godt å seie, men det er enno tid å få klipp i korta for deg som ikkje har fått med deg alle postane enno.

Etter at vi var i Sørlandssendinga, diskuterte vi om vi skulle tenkje på å få til ei løysing med sjølvkjøring slik at programleiarane er teknikarar og. Men det har vel ikkje vore stemning for det, det sosiale samarbeidet er viktig ved ein dugnadsradio som Valle Radio. Det gjev seg og utslag i at vi har heimesida til radioen på Facebook.

I komande sesong skal vi satse meir på den. Ørnulf skriv at det er eit mål å kunne ha informasjon om programma, ikkje bare med programoversyn, men også med programomtale og bilete. Så det vert ei utfordring for både programleiarane og Britta Lise, som er primus motor for facebooksidene våre.