Meir frå konserten i Oddernes

Share

Ein vert ikkje så lett ferdig med konserten i Oddernes. I alle fall gjeld det meg, så eg skriv litt til. Den kvelden, olsokkvelden, spelte Ian Richards eit stykke av den danske organisten og komponisten Flemming Chr. Hansen: Interlude – in the memory of David Sanger (1947-2010). I samband med deet fortalte han at Sanger hadde halde konsert i Oddernes då orgelet var nytt i 1993.

Den gongen spelte han Litanies av Jehan Alain, den franske komponisten som omkom i 1940, knapt 30 år gammal. Difor spelte Ian det same stykket denne kvelden. -Til minne om hans tragiske bortgang, sa Ian om David Sanger. Eg måtte sjekke litt meir om dette, eg hadde ikkje fått det med meg, Då synte det seg at han vart funnen død heime i mai i år, tre dagar etter at han hadde vore i retten, anklaga for usømeleg åtferd for 30 år sidan. Han nekta for alle skuldingar, og vart sett fri mot kausjon, men hadde ikkje funne livet verd å leve etterpå.

Tragisk, uansett kva som var den verkelege situasjonen. Sanger var ein konsertorganist, han hadde ikkje fast teneste i ei kyrkje, men reiste som organist og pedagog over heile verda. Eg trur han var ein av dei fyrste organistane eg høyrde – med unntak av organist Øvestad heime i kyrkja på Ålgård.

Det var og ei anna side av konserten den kvelden. Eit stykke av Mons Leidvin Takle, kalla Toccat (2010) var eit strålande verk som eg gjerne skulle late dei som høyrer på Valle Radio få høyre til hausten. Komponisten var i kyrkja, og etterpå spurde eg han om det var spelt inn nokon stad. -Diverre, det er det ikkje, eg har bare ein demoversjon, men den kan eg sende deg, sa han. Så no gleder eg meg til å få den tilsendt og kunne dele den med Valle Radio sine lyttarar. .