August Söderman, Mozart og Chopin i Lyngdal kyrkje

Share

Det vart eit rikhaldig program vi fekk i Lyngdal kyrkje i kveld. Det starta med at Gunn Randi Leite spelte Ett bondebryllup av August Söderman, ein festleg komposisjon som opprinneleg var for kor. http://no.wikipedia.org/wiki/August_S%C3%B6derman Sant å seie hadde eg aldri høyrt om denne komposisjonen før, noko som vel syner at sjølv om vi har hatt Postludium-programma i Valle Radio sidan 1997, så er det mykje vi ikkje har vore innom. (Om nå ikkje Niklos kjem til hausten og fortel at vi hadde spelt noko av han, då.)

For første gong i denne serien av kveldar i Lyngdal kyrkje var det tuba i aksjon som soloinstrument. Det var Stein Haugland, Margunn sin mann, som spelte. Han er korpsentusiast og spelar tuba, og i kveld hadde han Bård Leite ved flygelet. Dei spelte salmer: Kjærlighet fra Gud, Mitt Hjerte alltid vanker og O bli hos meg. Dei spelte koralen nokså tradisjonelt, men så lufta dei litt på han, og sjølv om dei aldri hadde spelt saman før denne kvelden, kunne vi sjå korleis dei knapt hundre tilhøyrarane levde med når det tok til å swinga. Eg vonar det ikkje er siste gongen eg får høyre dei. Og tuba som soloinstrument, det er ei oppleving. Djupt nede i bassen kjem det ein melodi som gjev deg lyst til å nynne med.

Kveldens klassiske solist var Ilse Jaunzeme frå Lativa på flygel. Ho spelte Sonata i B-dur KV 333 av Mozart, og det var ei oppleving. Dei tre satsane Allegro, Andante cantabile og Allegretto grazioso fekk vi i to porsjonar, og flygeltonane ruila gjennom romet så ein måtte bare gje seg ende over. Sidan spelte ho to stykke av Chopin, Nocturne i ciss-moll, opus 72, nr. 2 og Scherzo i b-moll, opus 31. Scherzoen var postludium, og ho fekk trampeklapp etter framføringa. Eg hadde tenkt at ho kanskje hadde kome med eit ekstranummer, applausen la opp til det, men det vart ikkje noko av, i staden vart alle deltakarane kalla fram for å få ei rose som synlig takk for ein flott kveld.

Eg kjem attende til meir om denne konserten i morgon.