Stor trafikk

Share

Denne helga må ha vore ei stor utfartshelg. I går drog vi til Kristiansand for å hente Sigmund, som har vore der for å produsere strandvolleyball i det som heiter Otera Open. Klokka 1830 denne laurdagskvelden gjekk trafikken i litt over 60 km/t, og det danna seg lang kø bak ein bil med L på hekken. Hadde eg vore køyrelærar der, hadde eg nok bedt sjåføren svinge inn til sida og sleppe køen forbi.

I dag skulle han inn att, det var mange som ville ha bilete sjølv om kampane ikkje vart overførte på NRK, det hadde dei bare blitt om norske lag hadde gått vidare. Vi drog frå Mandal litt over klokka 09, og då vi kom ut på E 39, undra vi oss over den store trafikken så tidleg ein sundagsmorgon. Så sette vi Sigmund av i Tresse 0950 og returnerte til Mandal, det går jo ikkje buss så tidleg, så han måtte ha skyss om han skulle rekke jobben, men vi hadde ikkje noko vi ville gjere i Kristiansand, så vi snudde bare og returnerte. Også no var det stor trafikk i begge retningar, akkurat som då vi drog innover. Inne i byen såg vi grunnen til at det kom så mange tyske bilar mot oss, Color Line si ferje låg inne og tømde lasta si. Men det var og mange norske bilar i køen både austover og vestover.

Kanskje det er Vikingar som skal til Skien på cupkamp i fotball, undra eg. Men dei Viking-supportarane eg såg på TV i kveld fylte ikkje mange bilar. Så tapte laget deira og, helga var skuffande for ein supportar som hadde sett for seg Start-Viking i semifinale eller helst finale. Ingen av dei laga gjekk vidare, så slik sett var det nok ei skuffande helg både i Kristiansand og Stavanger.

.Det er meir trøkk i arrangementet i Stavanger, sa Sigmund om strandvolleyballfesten i Kristiansand. Meir folk og betre arrangement. Ikkje særleg godt når ein får hotell langt ute på quality i Sørlandsparken, der maten kostar ei formue, sjølv om romma sikkert er billege for arrangøren, og der ein må vente på transport i lange tider om ein vil mellom hotellet og sentrum. Sjølv vart han ståane ein time i byen og vente på transport, det er ikkje mykje inspirerande etter ein lang dag i ein TV-buss.

Vonar det er mindre trafikk måndag morgon tidleg når eg set meg i bilen for å dra oppover og ta imot elevar etter skuleferien.