Med utgangspunkt i Aftenposten

Share

Eg les i Aftenposten at NRK har snudd og at Fedrelandssalma igjen vil bli å høyre klokka 06:57 sundagsmorgon. Det kom så mange protestar at NRK snudde, etter at dei hadde teke Gud signe vårt dyre fedreland bort i juli 2010. Då hadde salma blitt spelt i seks år, så det er ikkje ein veldig lang tradisjon, men svært mange over heile landet har likt den starten på sundagen, og det har vore mange lesarinnlegg i avisene. http://www.aftenposten.no/kul_und/article3770826.ece

Så les eg vidare på sida, og då ser det ut til at Aftenposten sitt dataprogram har klart å finne venene mine på Facebook, for plutseleg ser eg bilete av Oddbjørn, Ånund K. Asbjørn Kvalbein, Bernhard organist, Nina wikipedia, Torunn oboist, Astrid, Kim, Øyvind og til og med Margunn. Alle likar dei Aftenposten, det gjer eg og, men eg har ikkje blitt med i Facebookgruppa deira, der er det 21.868 medlemmer.

Grunnen til at eg gjekk på Aftenposten si side, var at eg leita etter ein artikkel som stod i dagens avis og som eg ville dele med dykk som les bloggen min. Overskrifta var Lokalradioene kan forsvinne, og artikkelen handlar om at snart kjem DAB-radio. Når ein er på NRK sine sider kan ein trykke på ein Ja til radio-knapp, og då vert ein med i heiagjengen for DAB-radio. Problemet for oss i distrikta er at DAB er for byane, eg tvilar på at det kjem DAB-radio til Valle. Men om dei sluttar å sende FM-radio, så vil dei slutte å selje slike radioar, og plutseleg er det slutt med Valle Radio, tenkjer eg. I utgangspunktet skulle dette skje i 2014, men no er det kan hende utsett nokre år, men innan ti år er det ikkje FM-radio, seier artikkelen. Og er det ikkje FM, så vil det vere for dyrt for lokalradioar å lage sendarnett for DAB, så då vil dei forsvinne.

Med utgangspunkt i Aftenposten kan ein gjere seg mange refleksjonar. Dette var nokre som eg ville dele med dykk.