Ny teknikar i haust

Share

I kveld kom lista med oppsett for Valle Radio hausten 2010. Det kjem til å gå i vanleg ordning, men vi får med oss Liv Gunn Viki som teknikar i haust. Liv Gunn var fyrste gong i radio i vår då ho fortalde om Postkassetrimmen, og då vart ho sitjande att og prate etter sendinga. Då fekk ho utfordringa om å verte med som teknikar, og som den sporty jenta ho er, sa ho ja til det. Ho skal få med seg ein med-teknikar i haust, så ho skal verte trygg på korleis alt fungerer i teknikken.

I den sendinga fortalde ho at ho hadde vore på alle postane i Postkassetrimmen eitt år, men ikkje meir enn det eine året. Korleis det går med Postkassetrimmen i år, er ikkje godt å seie, men det er enno tid å få klipp i korta for deg som ikkje har fått med deg alle postane enno.

Etter at vi var i Sørlandssendinga, diskuterte vi om vi skulle tenkje på å få til ei løysing med sjølvkjøring slik at programleiarane er teknikarar og. Men det har vel ikkje vore stemning for det, det sosiale samarbeidet er viktig ved ein dugnadsradio som Valle Radio. Det gjev seg og utslag i at vi har heimesida til radioen på Facebook.

I komande sesong skal vi satse meir på den. Ørnulf skriv at det er eit mål å kunne ha informasjon om programma, ikkje bare med programoversyn, men også med programomtale og bilete. Så det vert ei utfordring for både programleiarane og Britta Lise, som er primus motor for facebooksidene våre.