Meir takk

Share

Onsdag i sist veke var det bursdag, og det rann inn med gratulasjonshelsingar i innboksen min så eg vart heilt overvelda. Men på skulen var det ingen som visste noko, så eg tenkte at det skulle gå av seg ganske så stille. Ein kjem ikkje på jobb og ropar: «I dag har eg bursdag» når ein er passert dei seksti.

Men torsdag kom Kannika på skulen, og ho er ven med meg på Facebook, og då kom det gratulasjonar i store dosar der og. Dei var så store at eg fann ut at det ville vere naturleg med is til pausen, og dermed gjekk turen til Joker, der eg fann runde vannbakkels med krem inni, dei tinar på no time. På Valle Handel var det hesteskoiskake, og ettersom vi er mange på skulen no, tok eg med to derifrå. Dertil kom ein pose med chips, sour cream and onion er min favoritt i den hylla.

Det vart ein triveleg fest i matromet. Folk kosa seg og snakka norsk og eg fekk bursdagssang og det heile. Og etter festen rydda dei opp, så eg slapp den jobben, og det likte eg svært så godt, og snart var det tilbake til klasseromet, der vi sist veke jobba med Agders geografi. Det er etter kvart litt viktig for elevane å vite kor dei er i Noreg i høve til andre stader. Det finst burmesarar mange stader i Agder, og det er greitt å vite kvar dei er i høve til kvarandre.

Stor var overraskinga då eg kom inn i klassen. Medan eg var i butikken og handla is, hadde elevane vore på Valle blomar og gåver og funne rose, orkindear og andre blomar eg ikkje veit namnet på, ja til og med ei lommelykt. Dei stod som ein kinesisk mur mellom meg og klassen, eg kunne ikkje anna enn å takke og gje dei glade gjevarane ein klem. Så flytta vi gåvene til vinduet og starta undervisninga att.

Fredag hjelpte dei meg med å få blomane i bilen, no pyntar dei i stova heime. Det er bare plastblomar som overlever hos meg i Valle. Endå ein gong, takk for all merksemd.