Preludium

Share

Preludium er førespel, i kyrkja er det eit musikkstykke ein spelar før gudstenesta startar. I dag opplevde eg det då eg tok turen ut til Besteland og besøkte Niklos. Etter ein god kopp kaffe og ein hyggeleg prat, bar det på loftet. Han ville gje meg smakebitar av musikk han hadde fått tak i i løpet av sommaren, og det er ingen tvil om at vi har mykje godt i vente til programmet Postludium startar fyrste tysdagen i september.

Eg kan ikkje gje att titlar og namn, min klisterhjerne er ikkje laga for slikt. Men opplevinga av å høyre toccata, fuge og koralførespel, den var stor, anten det kom frå Christopher Herrick som hadde lånt orgelet i Västerås til ei ny plate i serien Organ Fireworks eller det kom frå andre emninente organistar. Han hadde og funne nokre fine bruremarsjar han kunne spele for meg, han veit at eg likar den forma. Og så var det korsang og solosang frå Sverige, heilt nydeleg, vi sat på loftet både lenge og vel og snakka om sesongen som kjem.

Sjølv har eg tenkt å prøve å få skrive litt meir frå programma i Valle Radio på setesdalswiki. Om du er innom der, vil du sjå at eg har prøvd å starte litt med å skrive om aktivitetar som skjer på ulike dagar. Ettersom det er wiki, kan alle skrive inn sine ting der. Om vi får det til, vil det og bli eit historisk oversyn over kultur og aktivitetar i Setesdal, sortert på datoar. Eg ser jo at eg har vore mykje opphengt i det som eg har teke med meg frå wikipedia, men truleg bør nok Setesdalswiki og finne si eiga form: Næringsliv og kultur og anna som kan vere relatert til Setesdal. Dermed vil det kunne vere aktuelt å skrive om folk som kjem frå andre stader og, til dømes om dei har blitt omtalt i Valle Radio.

Det vert ein stor jobb å få til det, men kan hende det er mogleg likevel. Då hadde vi trengt fleire som skriv på Setesdalswiki, og eg vonar det skal lukkast i haust.