Vérsjuk

Share

Nokre vert vérsjuke når skodda heng nedover fjellsidene, andre seier: Sjå så vakkert. Så tek dei fram fotoapparatet og knipsar i veg og får dei finaste og mest dramatiske bilete ein kan ønske seg.

Eg er ikkje av dei. Når det regnar og blæs, lengtar eg mot lettare vér, livet er trivelegare når det er lyst i véret, sjølv om ein ikkje har utearbeid. Då er det godt å kunne gå på yr.no og sjå kva slags ver vi skal få.

Halfdan Sivertsen har skrive ei vise han kalla Værsjuk, og véret i Bodø er ikkje til å spøke med, så han klagar kraftig:

Og æ trygle og æ ber på egne vegne
Legg et væromslag rundt ei såra sjel
http://www.lyricsty.com/lyrics/h/halvdan_sivertsen/#share

Men det er lite i høve til den situasjonen det har vore i Pakistan den siste månaden. Vi har sett glimt i nyhetssendingane på TV, det har vore innslag som har synt noko av fortvilinga i landet.

Sjølv tenkte eg at ettersom Pakistan er mykje i media no, kunne det vi kallar «Wikipedia:Ukens konkurranse» handle om Pakistan. Så måndag laga eg den sida vi brukar ha for slike tevlingar. Du kan sjå henne her: http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Ukens_konkurranse/Ukens_konkurranse_2010-34

Så tenkte eg at eg får gå føre med eit godt eksempel og skrive ein artikkel, og det gjorde eg. Den handla om elva Swat, som dalen der flaumen starta er kalla opp etter. Artikkelen finn du her: http://no.wikipedia.org/wiki/Swat_(elv) Du kan sjå kor elva ligg, langt nord i Pakistan. Eg fann og eit bilete av elva under normale tilhøve og eitt som var teke i august 2010, som syner korleis flaumen har teke med seg ei bru.

Då eg hadde skrive den artikkelen, vart det ein del raude lenker, det betyr at det ikkje er artikkel om dei emna, så eg tenkte at eg fekk skrive om ei av dei raude lenkene. Då valde eg å skrive om Kalamdalen, som før vart omtala som Pakistans Sveits, for der kunne folk reise på ferie for å stå på ski, det ligg 2000 meter over havet. Artikkelen, som du kan lese her, http://no.wikipedia.org/wiki/Kalamdalen har vakre bilete av ein skogkledd dal med 6000 meter høge fjell i bakgrunnen. Ingen grunn til å verte vérsjuk av noko slikt, seier du kanskje.

Men eg kom til å lese noko som ein skreiv om å køyre bil opp der. Ingen vegar har fast dekke, og det er stor grunn til å tru at bilen ikkje toler det om du prøver å køyre opp dit, til tross for at det før Taliban tok makta i dalen, hadde 160 store og hotell. Ingen norsk skogsbilveg har så dårleg standard.

Men om du klikker på lenka nederst i artikkelen, den som heiter «Film fra august 2010 som viser flommen i Kalam», får du sjå noko som kan gjere kven som helst vérsjuk. Elva går flaumstri inntil kjellaren på eit hus med tre etasjar, grev seg under det, og på filmen, som tek mindre enn eitt minutt kan du sjå korleis huset fell i elva og forsvinn.

Då kan ein takke for både tunge skyer og vind i Valle. Så får ein be om at folka i Kalamdalen kan få hjelp.