Det er so mange endringar i bygdom komne til

Share

Slik skreiv Ivar Aasen det i songen Dei gamle fjell i syningom. Sjølv om ein ikkje har vore så lenge borte frå Setesdal, ser ein endringar når ein køyrer oppover. Eg som kom frå Mandal i går kveld, legg mest merke til vegen. I sommar er det lagt ein god del asfalt, noko som gjer at turen går lettare. Det startar i Songdalen, der det er kome sykkelsti frå Brennåsen til Nodeland, og frå Stokkeland mot Vehustoppen er det lagt eit nytt lag med asfalt, noko som verkeleg trongst.

Så kjem ein over på Riksveg 9, og der har det vore mykje arbeid frå Homstean til Skarpengland. Dei er ikkje heilt ferdige enno, men det vert bra med sykkelsti og utbetra veg der og. Så kjem ein til Reiersdal, der var det djupe spor, dei er borte etter asfalteringa i sommar. Brua før Evje er endeleg ferdig, det var ein stor jobb, men no er det kome asfalt der og, det er lettare å køyre no enn før. Så har det blitt 50 km ved HydroTexaco på Evje og to fartsdumpar for å passe på at vi held oss innanfor. Det er ganske lagleg å stoppe der og får fylt opp kaffekoppen no når farten er blitt så liten. Eg såg i Setesdølen at Dreng Homme ville ha undergang frå Langelands Expertbutikk og under vegen, slik at interntrafikken på Evje ikkje trong køyre på Riksveg 9. Eg har stor sans for det synspunktet, eg har meint noko av det same i Mandal, der all trafikk, lokaltrafikk så vel som annan trafikk, må gjennom Hollekleiva aust for byen. Det ville vore mykje meir fornuftig å ha alternativ for lokaltrafikken.

Nord for Evje har det og blitt asfaltert. Særleg gjeld det mellom Lauvdal og Bygland, ja eit stykke forbi Bygland, til og med. Så kjem vi til vegarbeidssona mellom Tveit og Granheim. Der er det raudt lys, ein står ganske lenge der og ventar, men den som ventar på noko godt, ventar gjerne. Og godt vert det når den strekninga vert ferdig. Dei har og asfaltert mellom Sandnes og Kveste, der var vegen ganske nedsliten.

I dag skulle eg ein tur til Rysstad, og då vart eg ståande ved krysset ved Valle vidaregåande skule, for dei malte gul midtstripe frå krysset med Hallandsfossen og nordover. Ganske mange bilar samla seg der i løpet av dei minutta det stod på. Reidun var med meg, ho hadde ikkje vore på Sylvgarden, så vi gjekk der og fekk oss middag. Ho oppdaga husa bak biblioteket på Rysstad, dei var nye, og fleire andre hus har blitt fiksa og ordna. Så det skjer litt i bygdene våre.