Pjusk

Share

Alt sundag kjende eg at eg ikkje var som eg skulle vere. Reidun var med meg til Valle, me kom opp i halv ti-tida, men eg orka ikkje skrive noko på bloggen. I staden vart det ein tidleg kveld. Ho besøkte Husfliden og leverte nokre setesdalskofter om føremiddagen medan eg hadde skule, så sov eg middag før me reiste til Rysstad og åt på Sylvgarden, ho hadde ikkje vore der før. Sidan stoppa me på biblioteket og helste på Lisbeth og Gunnar før ho tok bussen til Kristiansand. Eg reiste heim, skreiv litt på setesdalswiki og bloggen før eg gjekk og la meg, klokka var bare halv ti måndagskvelden og.

Tysdagen klaga eg til Øystein over at eg var pjusk, og han sa at han og kona hadde vore pjuskne i helga, så det var nok noko som gjekk. Eg gjekk heim og sov då skulen var slutt, frå 13 til 17. Då kjende eg meg betre og gjekk ein tur på butikken og på skulen for å skrive litt på setesdalswiki.

Då eg var på biblioteket på Rysstad i går, kom Harald Knutsen på Agder Folkemusikkarkiv innom. Eg kom til å spørje han om det er nokon nettstad med informasjon om dei ulike slåttane. Han kunne ikkje peike på det, den informasjonen finn ein på platecover og i bøker, sa han og fortalde at det er om lag 150 setesdalsslåttar pluss ulike variantar av desse.

Då tenkte eg at eg kunne jo starte, så eg lånte nokre plater med folkemusikk frå Setesdal og skreiv inn den fyrste, Slinkombas på Setesdalswiki. http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Slinkombas Frå denne er det lenke til Klunkaren, som eg skreiv no i kveld og som vart fyrste artikkelen om setesdalsslåttar. http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Klunkaren Med tida kan det kome fleire artiklar om slåttar.

Men eg kjenner at forma ikkje er som ho pleier, så eg trur nok eg vil tusle til sengs tidleg i kveld også.