EM i friidrett i Barcelona

Share

EM i friidrett 2010 i Barcelona er over. Vi fekk ein medalje, men den var av edlaste slaget: Gull i spydkast til Andreas Thorkildsen frå Kristiansand.

Sjølv har eg late meg fascinere av det eg har sett på TV denne veka, det har vore gledesutbrot av det sjeldne slaget, men og skuffa utøvarar som ikkje har fått det til når det gjaldt som mest.

-Har Harald blitt sportsidiot på sine gamle dagar? spør du kanskje.

Nei, eg har vel ikkje det. Men på wikipedia har vi ein konkurranse kvar veke, og denne veka var konkurransen om EM i friidrett 2010, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/EM_i_friidrett_2010 Det har vore interessant å sjå korleis røde lenker etter kvart vart blå og artiklar kom på plass som desse sportsutøvarane og om arrangementet i Barcelona. Det har gjort at eg har blitt sitjande og sjå på TV både morgon og kveld, for NRK har jo hatt både morgonsending og kveldssending heile veka.

Eg har late meg imponere over kor mykje kommentatorane har klart å rote fram om dei ulike utøvarane, det er meir enn det som står på wikipedia. Så dei må ha gjort god research før dei reiste nedover, og i tillegg har dei evne til å finne fram det dei treng i rett tid. Difor har vi fått vite mykje om utøvarar både frå Noreg og frå andre land i Europa.

Løparar frå Afrika har jo ein eigen klasse, det har vi sett i mange samanhengar. Tyrkia og Aserbadjan har importert løparar frå Etiopia, og i alle fall Tyrkia fekk medaljar ut av den importen. Og medaljar er jo målet på suksess. Vi klarte bare ein medalje til Noreg, men det var gull, så vi slo svenskane, som skaffa seg sølv i høgdehopp for damer.

Å ha eit leksikon som er oppdatert med artiklar om alle som fekk medaljar i EM den dagen arrangementet sluttar, det hadde vore eit mål. Eg trur engelsk wikipedia klarte det. Vi har att nesten hundre artiklar før det målet er nådd. Så sjølv om vi hadde konkurransen, den gjekk ut no ved midnatt, er det ein del arbeid att før alle deltakarane har blå lenker. Så det vert noko å skrive om i august også.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *