Honnevje rasteplass og Setesdalswiki

Share

I dag låg det ein epost frå Ånund K. i innboksen min. Den gjorde meg storglad. Han hadde registrert seg på Setesdalswiki og skrive ein artikkel om Honnevje rasteplass, som vart laga i den tida han var kulturkonsulent i Valle kommune. Han bad om hjelp til å fikse på den, og det var ikkje vanskeleg å gjere det. Eg wikifiserte, som det heiter, laga mellomoverskrifter og lenker og det som høyrer med i ein hypertekst, og artikkelen kan du lese her: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Honnevje_rasteplass

Torsdagskvelden tok eg turen til Honnevje rasteplass, tenkte å sjå korleis det var blitt. No er sykkelstien frå Øyne-krysset asfaltert og ligg så fint i skogkanten langs elva. Det er veldig bra. Paradokset er at ein ikkje har fått på plass sykkelsi mellom sentrum og Valle skule, der er nok trongen mykje større. Men det kjem vel med tida.

Grunnen til at eg vart så glad, var at det kom ein artikkel frå ein annan skribent enn meg sjølv. Det har vore få andre enn eg som har skrive artiklar på Setesdalswiki, og det vert ikkje så mykje når ikkje fleire er med på ein slik nettdugnad. Ein wiki må ha eit liv, å lage wiki aleine er ikkje i pakt med wikien sin ide, som er at alle skal kunne skrive, Det var og difor Setesdalswiki vart starta, tanken var at ein skulle kunne skrive om bedrifter og reiseliv i Setesdal, så vel som om folk og kultur. Men om ingen andre enn eg skriv, vert det magert.

No har eg tenkt at vi burde få fleire bein å stå på, så eg har sagt til Trond Støle ved Valle skule at dei kan nytte setesdalswiki om dei vil trene på å skrive i sosiale medier, heller enn å øve seg på wikipedia. No når skulane startar att, vil det nok vere fleire som vil bruke tid på wikipedia, ofte fører det til meir rydding og sletting enn til nye artiklar. I tillegg trur eg at eg kjem til å bruke Setesdølen meir aktivt for å finne stoff til Setesdalswiki. Så får vi sjå om det etter kvart veks og grip om seg.

Tusen takk til Ånund K.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *