Kort og klassisk

Share

Då eg køyrde nedover Setesdal fredag, kom eg til å høyre på Kort og klassisk i P2. Det er eit program som startar etter Dagsnytt klokka 13 og går ein halv time. Eg er ingen fast lyttar, men det hender at eg får det med meg. For ein orgelentusiast var det ekstra interessant denne dagen, for programleiaren hadde fått med seg organist og masterstudent Øystein Skullerud. Han skulle ha eksamenskonsert fredagskvelden og spele verk av både Bach, Muffat, Eben og Lindberg i Fagerborg kirke. Det var eit interessant portrett, og vi fekk og høyre smakebitar av det han skulle spele.

Eg vart helst overraska, for orgelmusikk og organistar står ikkje høgt i kurs på Marienlyst lenger. Niklos, som fører statistikk over orgelmusikk i NRK, kan fortelje om ein tendens som går sterkt nedover. Han er helst litt irritert, til og med i gudstenesta får ein ikkje lenger høyre orgelmusikk. No har dei til og med dansemusikkgudsteneste, seier han. Men denne fredagen var mest halve programmet vigd til orgelmusikk og ein prat med organisten. På spørsmålet om kvifor han utdanna seg til organist, svara han at han opplevde eit kall til å tene Gud i musikken. Så det var altså ikkje bare for å skaffe seg eit levebrød. Eg trur helst programleiaren var noko forundra.

Programmet hans på konserten var slik:
Program

Peter Eben (1929 – 2007):
Fire bibelske danser for orgel
– 1: David danser foran paktens ark

Georg Muffat (1653 – 1704):
Apparatus musico-organisticus: Toccata Ottava

J S Bach (1685 – 1750):
Kommst du nun, Jesu vom Himmel herunter, BWV 650

J S Bach:
Preludium og fuge i C-dur, BWV 547

Oskar Lindberg (1887 – 1955):
Sonate i g-moll:
– 1: Marcia elegiaca
– 2: Adagio
– 3: Alla Sarabanda
– 4: Allegro con brio

-Frå barokken til vår tid, kunne ein seie, sa programleiaren. -Kvifor så spreidd?
-Når ein skal spele ein heil time, vert det kjedelig om ein spelar musikk som er lik i uttrykket, meinte Øystein Skullerud, som og la til at når ein spelar slik til ein eksamen, er det for å syne at ein kjenner eit variert orgelrepertoar. Stykket av Bach som han spela, var brukt som bryllupsmusikk då han gifta seg for to år sidan, så no gledde han seg over å kunne spele det sjølv.

Om noko av dette kjem i Postludium når vi startar opp att, det får du vite når du høyrer på Valle Radio. Om vel ei veke startar sendingane våre opp att.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *