Mons Leidvin Takle

Share

Olsokkvelden spelte Ian Richards Toccata (2010) av Mons Leidvin Takle. Det var som ein toccata skal vere, etter mi meining, bruke heile orgelet i ulike klangar og register. Eit moderne språk, men likevel toccata. På nynorsk wikipedia er det ein interessant artikkel om musikkforma: http://nn.wikipedia.org/wiki/Toccata Der heiter det:

Toccata, italiensk toccare («slå» eller «røre») er eit virtuost musikkstykke, vanlegvis for klaviatur- eller strengeinstrument, Toccataer har ofte ein fri musikalsk struktur og med karakter av å vere ein utskriven improvisasjon.

Etter barokken har toccataforma vore mindre brukt, men nokre døme finnst. Robert Schumann skreiv i 1830 sin Toccata C-Dur, Opus 7 for klaver, eit av dei teknisk vanskelegaste stykka på repertoaret. Med bygginga av store orgel blomstret musikkforma opp igjen i seinromantikken, til dømes har Max Reger og Charles-Marie Widor skrive toccataer.

Mons Leidvin Takle var organist i Vennesla, vår tidlegare organist i Valle, Bernhard Emmelkamp overtok etter han då Takle vart pensjonist. No komponerer han og held konsertar og spelar inn plater. Han har utdanning frå både Norge, Sverige og USA og har delteke på mange plateproduksjonar så vel som i radio og TV. Dialog Med Drømmer og Berøring er to av platene hans.

Etter konserten olsokkvelden takka eg han for komposisjonen og lurte på om den var spelt inn. Det var den ikkje, men han hadde eit opptak han kunne sende meg. I dag fekk eg det, og eg har høyrt gjennom det igjen. Det gjev det same sprudlande inntrykket som eg hadde frå den levande framføringa som Ian Richards hadde. Når vi startar opp att med sendingane i Valle Radio, vil eg bruke det i Postludium ein tysdagskveld. Du har noko å gle deg til.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *