Om å ikkje strekke til og litt til

Share

Ein kan ikkje klare alt åleine, difor er det godt å kunne arbeide i eit fellesskap med andre. Men av og til strekk heller ikkje det til. Eit eksempel på det har me truleg denne helga. Det var eit ønske at Valle Radio kunne ha folk til stades både på Rock i Brokke laurdag og på opninga av den nye Setesdal folkehøgskule sundag. Men det ser ikkje ut til at det var råd å få folk til å stille opp på desse arrangementa. Folk er på farten og hadde for lang tid sidan lagt planar for helga, så det verkar som om ingen av programleiarane kunne få med seg desse arrangementa.

Men no nærmar det seg oppstart av sendingane. September er rett rundt svingen, ein kjenner det på temperaturen også, sjølv om det har vore nokre milde dagar. Men det er tid for å hauste inn, snart kan ein vel ha temperaturar ned mot 0 grader om nettene.

Sjølv tok eg turen til Mandal som vanleg i dag, men eg stoppa på Bygland for å ha ein prat med redaktøren av Setesdølen, Sigurd Haugsgjerd. Eg har kome på å skrive om stoffet i Setesdølen på Setesdalswiki, og eg ville gjerne diskutere det med han og høyre om han hadde noko mot at eg lagar ei innhaldsliste over stoffet som står i avisa. Du kan sjå eit eksempel på det her: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Setesd%C3%B8len_nr._70,_2010

Vi sat og prata om dette og eg fekk grønt lys for å prøve litt på noko slikt. Eg strekk nok ikkje til til å skrive alt dette aleine, men det er jo eit utgangspunkt. Kan hende kjem det fleire med på laget om ein klarar å få til ei slik konkret oppgåve å skrive om.

Etter ein lang og interessant prat på redaktørens kontor, gjekk eg ut for å køyre vidare. Då såg eg at døra til båtustyrsbutikken.no var open. Eg var saman med Camilla Høibraathen på Setesdalskonferansen 2010, og ho melde seg på for å skrive på Setesdalswiki like etterpå, men så kom det ikkje meir. Difor tenkte eg at eg kunne gå innom til henne og høyre om kva som var problemet. Vi fekk ein triveleg samtale der eg kunne syne henne litt meir om korleis ein wiki verkar, og i kveld har ho skrive både om seg sjølv og om butikken sin på setesdalswiki. Du finn ei lenke her som du kan gå vidare frå om du vil lese om Camnilla og butikken : http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Camilla_H%C3%B8ibraathen

Når fleire jobbar saman, kan dei få til meir enn når ein jobbar åleine.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *