Tilbake i Valle att

Share

Så er eg tilbake i Valle att. Onsdag føremiddag køyrde eg oppover mellom regbygene, det vil seie, det kom ikkje noko vatn på meg og heller ikkje på bilen. Sola skein, det var 23 grader det meste av turen og eg måtte ha på vifta for å få leveleg temperatur i bilen.

Dagen starta litt trøblete. Eg skulle ha bilen innom på verkstad for å få ny lyspære på venstre lykt framme. Citroen er vanskeleg med slikt, det kosta den nette sum av 865 kroner totalt for å få inn lyspære til 200. Så ville eg handle litt, men då gjekk det som tidlegare i sommar, kortautomaten i butikken ville ikkje ta kortet mitt. Eg vart helst litt varm i skrotten då det heller ikkje fungerte i ein annan butikk, så eg køyrde heim att for å sjekke i nettbanken, men på kontoen var det meir enn nok pengar. Eg flytte likevel noko før eg drog attende til byen og fann ein minibank. Eg hadde bange aningar etter erfaring tidlegare i sommar, men denne gongen funka det, og eg fekk det eg trong, og då eg seinare skulle betale bensinen, var det heller ingen problem. Til vanleg stolar eg på elektronikken, men eg er blitt litt meir skeptisk etter to slike opplevingar i sommar.

Men endeleg kunne eg setje kursen mot Valle. Det var triveleg å få kaffe på YX Evje att, og som vanleg fekk eg meg ei matpakke og. Då kunne turen gå med liv og lyst oppover langs Byglandsfjorden.

Eg svinga innom Setesdølen, det var onsdag og eg tenkte at då hadde Sigurd litt tid. Men han hadde så god tid at han til og med hadde teke fri, så i staden fekk eg ein triveleg prat med Helene Horverak, som no var andre veka på jobb som bladfyk. Å bu på Hovden og jobbe på Bygland, det kan vel kanskje by på utfordringar, men ho kan jo bu heime på Horverak hjå Sigbjørn om ho heller vil halde seg nede i dalen. Ett års permisjon har ho teke frå jobben som kyrkjeverje i Bykle, og Ole Birger har eitt års permisjon frå jobben som journalist for å vere rektor på Setesdal folkehøgskule det første året. Så får dei finne ut om dei trivst med jobbskiftet, Helene har vore 11 år i sin jobb i Bykle, så det var ein stor overgang for henne, kunne ho fortelje.

Så gjekk turen vidare til Valle, og der var det fullt i sentrum då eg kom der ved halv fire-tida. Knapt parkeringsplass, men det skifta fort, og vel ein halv time seinare var det godt med plass att.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *