Undring

Share

I mi wikipediaskriving har eg meir enn ein gong undra meg når eg kom over ein person som levde då eg var ung og såg biografien til vedkomande. Dei verkar å ha hatt tid til mykje meir enn vi har i vår tid.

I dag skreiv eg ein artikkel på wikipedia om syster mi sin gymnasrektor. Eg veit ikkje om ho hadde han som realfaglærar, men han var ved Rogaland landsgymnas på Bryne frå 1930 til 1972 og rektor frå 1947. Og ho gjekk ut i 1968, så vidt eg hugsar.

Bjarne Undheim var fødd i 1905 og vart cand.real i 1930 etter fem års studier på Universitetet i Oslo. Eg kom over han heilt tilfeldig, slik det ofte er med artiklar på wikipedia. Eg hadde kjøpt Aftenposten i går då eg kom oppover til Valle, og der stod det at bondelagsleder Bjarne Undheim fylte 50 år. Då eg så gjekk inn på wikipedia for å sjå om vi hadde artikkel om han, så hadde vi ikkje det, vi hadde bare ei raud lenke. Men så synte det seg at det var ein annan Bjarne Undheim, han hadde vore stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Rogaland. Det var artikkel om han på engelsk wikipedia, og då tenkte eg at eg kan jo omsette den artikkelen. Engelsk wikipedia har artiklar om ganske mange av dei norske stortingsrepresentantane. Men nå eg skreiv, oppdaga eg jo at dei bare hadde litt av informasjonen om han, og slik kom eg fram til at det må ha vore Jorunn sin rektor det var tale om. No er det artikkel om han på wikipedia, her er lenka: http://no.wikipedia.org/wiki/Bjarne_Undheim_(1905) For å skilje han frå bondelagsleiaren har eg kalla han Bjarne Undheim (1905).

Når eg ser på alt han kunne få gjort, vert eg litt undrande og lurer på korleis han kunne rekke alt. Bryne IL og mållaget, lektorlaget og politikken, alt skulle skjøttast og jobben som lærar og rektor kunne han heller ikkje legge til sides. Han omsette til og med elevøvingar i fysikk til nynorsk og var aktiv i den offentlege debatten med artiklar i avisene.

Eg trur det må vere at det ikkje var 30 kanalar på TV den gongen, heller ikkje var det internett ein kunne surfe på ein heil kveld. Men eg undrar litt framleis.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *