Felles lege?

Share

Eg reiste til Mandal i kveldinga og kom til å høyre på Valle Radio. I kveld var det kommunestyremøte i Bykle, ein måtte i grunnen vite det for å setje på radioen, for det var ingen annonse i Setesdølen tysdag om at Bykle radio overførte kommunestyremøtet denne torsdagskvelden.

Der fekk eg med meg ei interessant orientering frå kommunelege Stein Vabo i Bykle. Eg trur i alle fall det var han, eg kom inn i programmet då han hadde ordet, og ingen sa kven det var, men det verka ut frå det han snakka om til å vere han.

Den eine saka han orienterte om, fekk eg ikkje med meg. Men så spurde Kai Jeiskelid om han hadde meir han ville seie, og då fortalde han at han og kommunelegen i Valle i vel eitt år no hadde snakka saman om at det gode samarbeidet som er mellom kommunane når det gjeld legevakt – utan det kunne ein ikkje hatt legevakt på lovleg vis, til det er einingane for små – kanskje kunne utvidast til eit større samarbeid.

Fram til no har loven hindra at to legekontor kunne ha felles journal, men no ser det ut til å verte mjuka opp i dei strenge reglane. Då kunne ein sjå for seg at ein slo saman dei to legekontora til ei eining. Det ville føre til at ein fekk felles sjef for dei to kommunane. Framleis ville det vere eit legekontor i kvar kommune, men dei hadde altså tenkt på at det kunne gje ein effekt om ein arbeidde etter ein slik modell. Etter det eg skjøna var det særleg det administrative arbeidet som ville bli redusert.

Eg kunne ikkje anna enn å smile for meg sjølv der i bilen. I dag las eg om demonstrasjonstoget som folk i Arendal planlegg å ha midt i oktober for sjukehuset som ligg 40 minutts køyring frå Kristiansand sjukehus. Ein er komen lenger i samarbeidstenking ute i distrikta, verkar det som.

Sant å seie verka det som kommunelegane har snakka saman om å vere fornuftig. Ingen vil få mindre legeteneste, men samarbeid over kommunegrensene vil gjere tenesta meir slagkraftig, tenkte eg meg. Så for meg må dei bare snakke vidare og etter kvart kome med eit framlegg til ny ordning. Legekontoret er ein viktig del av grunnlaget for at folk bur her langt frå sjukehuset, og ei best mogleg teneste både i Valle og Bykle bør vere høgt prioritert.

Dolkaren

Share

Kulturveka 2010 går frå høgdepunkt til høgdepunkt, så vidt eg kan skjøne. I kveld var det Valle folkebibliotek, Valle mållag og Valle kommune som inviterte til filmkveld og litteraturkafé i Storstoga i Valle kultursenter. Der var det ei innleiing i form av ein samtale mellom forfattaren Paal-Helge Haugen og regissør Terje Dragseth før Dragseth sin film Dolkaren om Paal-Helge Haugen vart vist.

Sjølve framsyninga vart litt plundrete, for DVD-framvisaren var ikkje sterk nok til at ein fekk eit godt bilete på lerretet til å begynne med. Filmen måtte startast om att tre gonger, men etter at Jamie hadde henta ein ny videokanon og fått stilt den inn, kom innleiinga endeleg til sin rett.

Det verka ikkje som om dei om lag 30 personane som var møtt opp for å sjå filmen, hadde noko særleg imot pausane. Sissel Åkre fortalde at kaffi og kaker var på huset, då tok fleire eit ekstra kakestykke og fylte opp koppane ein gong til, og elles gjekk praten med dei ein sat ved kafébordet saman med.

Filmen varte i ein knapp time og vi fekk vere med Paal Helge Haugen på ulike besøk og sjå hans møte med musikarar og andre vener. I tillegg fekk vi høyre nokre av tankane hans om livet generelt og om å skrive lyrikk. Filmen var eit essay, det var ikkje tale om ein film frå A til Å, men meir spreidde glimt som til saman kunne gje eit portrett av nokre sider ved forfatter og forfatterskap. Ufullstendige vil slike portrett alltid vere, men dei kan likevel vere interessante.

-Etter kvart vert ein van med at eit filmteam fylgjer ein til og med inn på kjøkenet, sa diktaren i innleiinga. Musikken frå slåtten Dolkaren spela ein viktig rolle i filmen, vi fekk sjå Hallvard T. Bjørgum spele den, vi fekk og sjå samarbeid med Kirsten Bråten Berg. Vi var med på ein biltur frå Songdalen til Valle, for ein som køyrer den turen kvar veke var det mykje kjensleg stoff. Dei stoppa på Hornnes landsgymnas, der Paal-Helge Haugen hadde gode minne frå.

Du kan lese meir om filmen på setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Dolkaren_(film) Der er det og lenke til artikkel om regissøren Terje Dragseth og andre lenker. Enno har eg ikkje nådd å skrive om Paal-Helge Haugen, men du finn stoff om han på wikipedia: http://nn.wikipedia.org/wiki/Paal-Helge_Haugen

Takk for god hjelp

Share

I dag vil eg takke Jørund Georg, Bjørgulv T. og Britta Lise for god hjelp. Bjørgulv laga eit intervju med Gro Anita Homme laurdagskvelden etter Filosofikafeen på Valle Motell. Det var eit fint apropos til kulturveka som eg kunne sende heilt i starten av programmet i kveld. Så intervjua han Mari Klingen i Salmeklang sundagskvelden, det kunne eg bruke saman med plata deira i Songkveld-programmet, som handla om gruppa. Med slik god hjelp er det enkelt å lage tysdagskveldsprogramma, særleg når eg kunne ta reprise på opptaka han gjorde til sist tysdag, då det var Otra Kraft som markerte 50 år.

Eg spurde om det på bloggen for nokre dagar sidan, skal eg sende dei i reprise? Eg fekk svar frå Britta Lise, som meinte at det kunne eg gjere. Det var mange som kunne ha lyst til å høyre dette ein gong til, og sjølv meinte eg og det. Både Mork og Skomedal heldt gode innlegg.

Så blei det slik. Eg kunngjorde det både her og der, mellom anna skreiv eg om det på Facebook, slik at Gudrun Torill Rysstad kunne formidle det til folk på Brokke. Om dei ikkje gjekk for å høyre programmet om Sigbjørn Bernhoft Osa i kveld, så fekk dei altså høve til å høyre kåseria ein gong til.

Britta Lise fanga og opp programmet for i kveld på bloggen og la det ut på facebook. Eg gløymde å sende det til henne denne gongen, men ho fiksa det og fekk det på plass. Det er god hjelp, og det er godt å kunne samarbeide med slike gode hjelparar.

Sjølv opplevde eg sendinga svært triveleg i kveld. Jørund Georg har lagt opp ein ny måte for å kople seg opp til Bykle, og det var mykje enklare enn tidlegare, så det gjekk som ein leik å kome seg på lufta i kveld. Takk også til han.

Endeleg vil eg takke George Chittenden, som sende meg opptak frå Folkestone Church med fin orgelmusikk som eg brukte i sendinga i kveld. Eg chatta med han i går kveld og han skulle sjølv ha konsert i dag, så han kunne nok ikkje høyre på sendinga mi, men han ynskte meg lukke til og takka meg for at eg ville bruke musikken hans i sendinga. Med slike gode hjelparar er det ikkje vanskeleg å lage radio.

Eg snakka med ein wikipedia-kollega i kveld om engasjement. Då sa eg at ikke har så stort engasjement, han er sterkt oppteken av klimaspørsmål og andre viktige ting i livet. Så kom eg til å seie det same til ein annan wikifant seinare, då sa han at han trudde ikkje det var sant, for eg skriv på wikipedia, eg lagar radioprogram og no også Setesdalswiki. Då meinte han at eg nok var meir engasjert enn dei fleste. Eg måtte smile med meg sjølv, det er nok rett, det han sa, men det gjeld nok meir dei små og nære ting enn dei store og fjerne.

Eg er i godt selskap, takk til alle engasjerte menneske, og takk til deg som les bloggen min. Ta turen innom Setesdalswiki, der ser du programmet slik det var i kveld. http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogrammet_28._september_2010

Veke 39-2010

Share

Tysdag 28. september 2010

Ansvarleg: Harald Haugland

Program
18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld. Frå Salmeklang si plate
19:30 REPRISE: Otra Kraft 50 år. Frå jubileumsprogrammet tysdag 21. september 2010
Orientering ved Reidar Ove Mork
Kåseri ved Sigmund Skomedal
20:30 Postludium. Konsert med organist George Chittenden: Orgelmusikk av Kenneth Leighton
21:00 Kyrkjebakken. Resten av Kulturveka 2010. Om Sørlandske Sommernetter-konserten på Hovden fredag 1. oktober. Telefonsamtale med Kjell Rune Nakkestad

Les meir på Setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogrammet_28._september_2010

Høyr på http://www.valleradio.com

Det er ikkje onsdagssending denne veka, vi ladar opp til sauesjåsending fredagskvelden og direktesending frå Sauesjået laurdag.

SalmeKlang

Share

Så er Kulturveka 2010 i gang, og i kveld var det SalmeKlang i Hylestad kyrkje som var arrangementet. Det starta klokka 19, då var det 25-30 personar til stades. Altså ikkje stuvfullt, men heller ikkje heilt tomt. Dei fire musikarane gav oss ei oppleving denne kvelden. I ein knapp time song Mari Klingen religiøse folketonar til akkompagnement av Knut Erik Brenna, gitarar, Per Erik Olsen, bassgitar, og Jo-Martin Grosås Nordbø, trommer og perkusjon. Rolf Gunnar Augland i Agder Lyd stod for lyden, og det var salmeklang som fylte romet og sinn og sjel.

Konserten starta med Blomst av fred og glede, tekst av Eyvind Skeie til ein fransk folkemelodi. Deretter kom Å hvor salig det skal blive, norsk folketone. Desse to var frå plata, men den tredje hadde ikkje fått plass på plata: Han tek ikkje glansen av livet av Trygve Bjerkrheim, den tok dei med fordi den betydde mykje for dei.

Deretter kom Jeg råde vil alle i ungdommens dage, folketone frå Romsdal og Ått Gud e evig glede, trønderdialekt og folketone frå Selbu av Hos Gud er idel glede, Johan Nordahl Brun si salme. Den kom utan akkompagnement, og stod like godt utan som dei andre stod med. Så fylgde Å at jeg kunne min Jesus prise, svært lystig laga.

Eg trur eg kom litt utav det med rekkefølge, eg fekk ikkje notert opp kva tid Lær meg å kjenne dine veie av Jakob Paulli til ein folketone frå Åseral kom. Mari Klingen fortalde at salma var skriven på branntomta etter at heimen hans var brent ned og familien død i brannen.

Der er ennå et rom, vel hundre år gammal salme av Endre Hove til norsk folketone var neste melodi, og den nest siste var Jeg fredløs, trett. Her sakna eg ein tydeleg k i ordet kraft i omkvedet: Det er kraft i Jesu blod, men det var det einaste eg merka meg av sakn i salmene. Siste salma var siste på plata: Kom til oss du himmelske due, ein svensk folketone, men det ville ikkje publikum nøye seg med. Applausen ville ingen ende ta, så gruppa måtte fram med eit ekstranummer, og då kom Vidar Kristensen sin sterke Jeg har en venn, også den til ein svensk folketone.

Fleire av desse gamle salmene syng om korset og blodet. Med altertavla i Hylestad kyrkje, som nettopp syner krossfestinga, blei det ei sterk påminning om evangeliet sin glade bodskap om nåde for syndarar i desse folketonane.

Bjørgulv T. Berg laga eit lite intervju til Valle Radio. Eg har tenkt å presentere plata deira i Sangkvelden tysdag klokka 18:30, og då tek eg med det innslaget. Les meir om det på setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogrammet_28._september_2010 Der er det og lenke til ein artikkel om gruppa.

Reprise?

Share

Medan NRK køyrer program etter program i reprise, skjer det nesten aldri i Valle Radio. Difor har eg lurt på å sende i reprise programmet frå sist tysdag om jubileet til Otra Kraft også komande tysdag. Grunnen til det er at 150 til 200 personar var til stades på arrangementet, nokre av dei ville sikkert like å høyre innleiinga til Reidar Ove Mork og kåseriet til Sigmund Skomedal ein gong til. Andre fekk ikkje høyre det av ulike grunnar sist tysdag.

IS Øvre Otra, som selskapet heitte før, no heiter det Otra Kraft, har betydd mykje for bygdene i Øvre Setesdal. Mange vil seie at dei er grunnlaget for at det i det heile er folk som bur her øverst i Aust-Agder. Ikkje bare bur vi, vi bur like godt som andre stader i landet. Mykje av grunnen til det er http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Otra_Kraft

Kva tenkjer du om reprise i Valle Radio. Send mail til harhaugl (at) gmail.com om ditt syn på at eg har reprise tysdagskvelden. Om eg får mykje motbør, får eg heller lage noko anna til program denne kvelden.

Etter at eg tok til å legge ut programmet på Setesdalswiki, kan du fylgje planlegginga her: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogrammet_28._september_2010 Du kan også skrive kommentarar på diskusjonssida til programmet.

Meir om jakta på Helge Haugsgjerd

Share

Anne Haugsgjerd, som eg snakka med i telefonen tysdagskvelden i Valle Radio, kom til Valle torsdag ettermiddag. Like etter klokka fire fekk eg ein telefon frå henne, då var ho på biblioteket, så eg tok turen dit og trefte henne. Ho hadde med seg ei anna dame som hjelpte henne som sekretær med å samle trådar ho eventuelt kunne fange opp, og det gjekk ikkje lenge før vi var i god prat.

Ho hadde nok trudd at etterlysinga i Setesdølen og i Valle Radio ikkje ville gje særleg mykje og vart difor nokså overraska då eg kunne fortelje at eg hadde informasjon både om huset der ho vart fødd og om folk som hugsa Helge og Bianka Haugsgjerd. Eg hadde nytta onsdagen til å ta ein telefon til Kjetil Rike, og han hugsa dei, men fortalde at “Sigrid okkos” nok hugsa dei betre. Så eg tok ein telefon til Sigrid Rysstad og, dermed var det nok å nøste i. Men ho meinte at Birgit Rike Lund, syster hennar i Farsund, visste meir, for både ho og Signe Lund hadde vore på besøk hos den unge kona fleire gonger.

Dette fortalde eg til Anne Haugsgjerd, og sekretæren noterte ivrig. Deretter tok eg ein telefon til Sigrid att, ho hadde fått blod på tann og snakka med mange om dette. -Det er noko interessant, sa ho, så då eg spurde om dei to damene kunne kome opp til henne og vise henne nokre bilete, var det ikkje nei i hennar munn.

Men før vi drog opp der, var vi ein tur sør i bygda og såg på huset der ho var fødd. Det er det lange huset like nord for Vallarheim, det står tomt i dag, eigaren Liv Viki Rolfsen bur i Risør. Ho overtok eigedomen, som heiter Nistog Viki etter mora i 2003. Ettersom det stod tomt, tok damene ein tur bortom og såg seg om. Då dei kom tilbake, undra dei seg på om det var nokon som hadde nøkkel, så dei eventuelt kunne kome inn og filme.

Sigrid Rysstad hadde funne fra Norges Bebyggelse, der kunne dei sjå korleis huset såg ut då Helge Haugsgjerd og kona leigde husvære der. Og då Anne kom fram med albumsider ho hadde med seg med bilete av måleri, fann Sigrid bror til bestefaren sin på eit av desse bileta. Det gjorde henne ikkje mindre interessert og engasjert.

Dagen enda med at damene frå Oslo fann seg ein stad å bu i Valle til i dag, dei vona at veret ville verte slik at dei kunne filme, men det vart det jo ikkje. Og så ville dei bruke trådar dei fekk frå Sigrid og neste vidare på dei, kanskje ta ein tur på museet og sjå om det var gamle bilete der.

Men min kontakt med dei var no over, og eg overlet dei til seg sjølve etter å ha opplevd at sendinga tysdagskvelden gav større effekt enn eg hadde tenkt på førehand.

Her er Anne Haugsgjerd på Setesdalswiki:
http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Anne_Haugsgjerd

Ukjent kunstmålar fram i lyset

Share

Ikkje mange har høyrt om kunstmålaren Helge Haugsgjerd frå Kristiansand. Men Valle Radio har i alle fall gjort sitt til å presentere han. Det skjedde i eit koordinert presentasjonsopplegg der Setesdølen hadde ein stor artikkel på side 12 i avisa for tysdag 21. september og Valle Radio same dagen hadde eit intervju med Anne Haugsgjerd, dotter hans, som bur på Nesodden.

Helge Haugsgjerd var fødd i 1921 og var bare 22 år då han kom til Setesdal for å måle saman med Harald Lund og andre kunstnarvener. Dette skjedde under krigen, og han var nygift. Dei fekk eit barn, Anne Haugsgjerd. Ho arbeider med film og lagar kortfilmar, og ho arbeider no med filmen Opp og ned er alt abstrakt, som er ein film der ho går i fotefara til far sin.

I sendinga i Valle Radio snakka ho om at ho gjerne kunne tenke seg å få kontakt med folk som måtte ha kjent foreldrene den tida dei budde i Valle, og som eventuelt måtte ha eit måleri faren hadde måla. Anne vart døypt i Valle kyrkje i 1944, ein av fadderane var Birgit Viki. Sidan kom familien tilbake til Valle i 1948 eller 1949 og budde ein periode. Frå den tida har ho nokre minne, mellom anna fortalde ho i radioen om ei oppleving der ho var med då faren var nede ved Otra og malte, og Anne kom til å setje seg i ei maurtue. Det vart ein kald dukkert i elva for å få av seg alle maurane, fortalde ho.

Etter at familien reiste frå Valle, budde dei ein periode på Borøya ved Tvedestrand, der Bianca Haugsgjerd kom frå. Sidan flytta dei til Romerike, der faren nok livnærte seg meir av husmåling enn av kunstmåling. Men for han var det ein kombinasjon som var naudsynleg om dei skulle få pengar til det daglege brød. I åra etter krigen gjekk Helge Haugsgjerd på Akademiet. Deretter fekk han eit stipend som han nytta til å dra til Paris. Impulsane frå Akademiet og studieturen gjorde at målinga hans gjekk frå naturalistisk og kubistisk til abstrakt, og det var han ein av dei fyrste i Norge til å måle. Men det var jo ikkje særleg salgbart. Som etablert kunstnar fekk han bustad i burettslaget Trolltoppen på Bøler i Oslo, og der budde familien sidan. Han døydde alt i 1982, bare 61 år gammal. Kona levde etter han til 2002.

Det meste av dette fekk vi vite i sendinga i Valle Radio tysdagskvelden. Det vart til ein artikkel på Setesdalswiki, sjå http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Helge_Haugsgjerd

Anne Haugsgjerd fortalde også at ho dagen etter ville reise til Valle for å sjå om ho kunne treffe nokon som visste noko. Ho blingsa litt på dagen, ho kom fyrst i dag, torsdag, så då vi avtalte å møtast på biblioteket i Valle onsdag ein gong etter klokka 16, vart det vel helst ein liten bomtur for meg å sitje der og vente på henne. Men etter kvart skjøna eg at ho ikkje kom, og tok til å tenkje på det som ho hadde skrive i brevet til Sigurd Haugsgjerd, og som han sende vidare til meg for å bruke som grunnlag for samtalen i Valle Radio, der skreiv ho torsdag.

Men det får eg fortelje meir om i neste blogginnlegg.

Variert kveld

Share

Kvelden i går i Valle Radio var variert. Det kan du sjå på programmet for kvelden. Det ligg her: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogrammet_21._september_2010 Eg nytta eit kåseri av Asbjørn Kvalbein i starten, no har han fått artikkel på Setesdalswiki, så du kan ta utgangspunkt i lenka eg gav deg og trykke på namnet hans og lese om han der. Nederst på sida om programmet ligg lenke til kåseriet hans hos Norea Mediemisjon.

Etter at Marianne Synnes Braset hadde hatt andakten Over ein open Bibel, vardet tid for Sangkveld. Spelista ligg på setesdalswiki, der kan du sjå at eg hadde eit noko variert program. I dag fekk eg tilbakemelding frå ein lyttar som fortalde at ho var spesielt takksam for Rock of Ages og Kom til den hvitmalte kirke.

Tilbakemelding er alltid triveleg å få. Men denne kvelden var det nok mange av lyttarane som pleier å høyre på sendinga som var i Brokke for å vere med på Open dag på Otra Kraft. Men ved dette høvet klarte vi å få til eit opptak, slik at dei som ikkje var der, likevel kunne få høyre det som vart sagt. Takk til Bjørgulv T. Berg som tok turen opp for å levere opptaket i radioen og dermed gje meg høve til å sende det, og til Kjetil Carolis Jore som stod for opptaket direkte gjennom miksebordet for lydanlegget. Ved deira innsats kunne folk som ikkje hadde høve til å vere der også få ta del i jubileet. Det var verd å høyre på både kraftverksdirektør Reidar Ove Mork, som har arbeidd der i 36 år, og Sigmund Skomedal, som har vore journalist i NRK og rapportert frå utbygginga i ein stor del av dei 50 åra som ligg bak. Ein slik gjennomgang syner noko av det som gjer at vi har levelege tilhøve i Øvre Setesdal. Det er ikkje lite pengar kraftverket har generert for bygdene her oppe, og pengane er blitt nytta til å byggje infrastruktur, særleg i Bykle, meinte Reidar Ove Mork, som sjølv bur i Bykle.

Eg er svært glad for at vi kunne sende dette mens det var ferskt, det var 175 personar der ute på den opne dagen, og dermed veit ein at det var eit emne som mange snakka om i dag. Då var det greitt at dei som ikkje hadde høve til å ta turen til kraftstasjonen, likevel kunne få oppleve litt av det som skjedde der. Dei måtte stå over setesdalssuppe og lefse, det kunne ikkje Valle Radio formidle til lyttarane. Men talane, dei fekk dei i alle fall.

Eg var vel nøgd då eg gjekk heim i går. Resten av programmet får eg skrive om i morgon.

Nye teknikarar

Share

Onsdag var Liv-Gunn Viki sin fyrste dag som teknikar, og ho måtte hoppe rett i det. Ørnulf stod bak og støta henne, men etter kvart måtte ho gjere jobben på eiga hand. Ørnulf gjekk ut i stova og tok ein prat med andre folk som var innom i radioen, men sendinga fall ikkje i fisk om han gjekk bort litt. Snart var ho trygg og sikker på kva ho skulle gjere. Innimellom alt klarte ho å svare meg på det eg trong for å lage ein liten tekst om henne på Setesdalswiki, den kan du lese her: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Liv-Gunn_Viki

Eg møtte henne i dag og då kunne ho fortelje at det hadde vore ein triveleg kveld. Ho kunne nok tenkt seg å fått ein kveld til ganske raskt, slik at det ho fekk med seg kunne verte repetert, men ho trudde nok det skulle gå når ho kom i radioen att i oktober. Det hadde vore ein gama kveld, sa ho.

Etter kvart vil vel dei andre teknikarane og kome på plass: Kåre har vore innom og sett på eit par onsdagar og eg trur at han gleder seg til å ta fatt. Anna Stella vil vel kome når høvet legg seg til rette. Med tre nye teknikarar burde det ikkje vere så mange gonger ein skulle trenge ty til dei som står på reservelista.

Men no startar elgjakta, og då er vel kan hende både teknikarar og programleiarar noko opptekne med andre ting enn radio. Liv-Gunn skulle til Fyresdal og vere med på jakt der, og det gledde ho seg til, så det stemmer nok, det som står på Setesdalswiki, at ho er glad i jakt og friluftsliv.

Eg får seie vel blåst som teknikar og lukke til i Telemarksskogane.