Ein interessant start på hausten

Share

Sendinga i går var ein interessant start på hausten i Valle Radio. Eg sette meg til å høyre på sendinga og vart gripen av kor god bygderadio det var. Fyrst fekk vi ein prat mellom programleiar Bjørgulv T. Berg og redaktør Ørnulf Hasla om planar for hausten, og han kunne fortelje at det var nye folk som hadde meldt seg for å lærast opp til teknikarar. Det var Liv Gunn Viki, Anna Stella Karlsdottir og Kåre Rike, så utover hausten vil dei kome med i arbeidet som teknikarar.

Deretter fekk vi høyre eit opptak Bjørgulv hadde gjort med rektor Ole Birger Lien og ein elev på Setesdal folkehøgskule. Der fekk vi høyre kvifor det ikkje var blitt noko av scooterosslinja på skulen i år: Dei fleste aktive held til frå Trøndelag og nordover, og då vert det noko langt for dei å kome til Setesdal for å gå på folkehøgskole. Men Ole Birger vona det ville bli elevar på linja neste år. Vi fekk og høyre at det var fysisk hardt å ha heile dagar på Åraksøyne, men at ein varierte mellom køyring og mekking, og då gjekk det rimeleg greitt.

I samtalen med assisterande rådmann Elise Marie Kringen var dei innom Heieplanen som no er ute til høyring. Her er det viktig å engasjere seg og kome med innspel, for den kan fort verte eit problem for lokalt sjølvstyre.

Så kom Kirsten Bråten Berg på besøk for å fortelje om si nye plate, Songar. Vi hadde alt fått ein smakebit av den då Elise Marie spelte Blåmann, Blåmann, bukken min, og på plata er det ei rekke av dei tradisjonelle norske songane, framført av Kirsten akkompagnert av eit stjernelag av musikarar. Les meir om plata på Setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Songen I dag fann eg ein omtale av plata som var både grundig og god. Lenke til den ligg nederst i artikkelen på Setesdalswiki. Kirsten kunne fortelje at plata var utseld på Valle Handel, men både Husfliden, Hasla og Statoil Rysstad hadde den, og ho skulle syte for påfyll på Valle Handel. Og så fekk vi ei plate av henne til å bruke i Valle Radio.

Siste delen av Bjørgulvs time hadde han med Saavi Nomeland, firmaet hans, Nomeland, feira 50 år tidlegare i haust med 160 gjester i teltet i Brokke. Det var alt for kort tid å snakke med han i bare ein halv time, eg er sikker på at dei kunne ha prata saman enno, og det hadde vore interessant å høyre på.

Meir om programmet i går finn du på Setesdalswiki, eg vil prøve å skrive om sendingane i Valle Radio der framover. http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20100908