13 i kommunestyret

Share

Eg kom til å lese papira til formannskapsmøtet denne veka. Der var det forslag om at kommunestyret bør vere på 13 personar. Eg tenkte at det var i minste laget. Truleg kjem denne saka opp i kommunestyret neste veke, 22. september, Det skal bli interessant å høyre kva politikarane meiner om dette.

Når det bare skal vere 13 personar i kommunestyret, vil det vere nok med sju personar for å få fleirtal. Færre folk vil engasjere seg i politisk arbeid og vere med i førebuingsarbeidet til saker som skal opp i kommunestyret. Dermed vert færre synspunkt med i debatten. Om det er klokt, kan ein nok lure på.

Så langt eg kunne lese, var argumentet at det ville verte billigare, kommunen vil spare i underkant av hundre tusen kroner kvart år på å redusere frå dagens 21 til minimumstalet 13, som er det lågaste lovlege talet på medlemer i eit kommunestyre.

Kan hende burde ein heller søke samanslåing med Bykle like godt først som sist, og så halde på 21 representantar i kommunestyret. Det hadde nok gjeve ei spenstigare løysing, for då måtte ein sjå på saker med nye augo og ikkje bare tenkje at “slik har det allstødt vore”.

Det kan verte eit interessant møte i kommunestyret i Valle til onsdag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *